Ville

_MG_3257_MG_3222_MG_3174No har det snart gått fire veker med den nye kvardagen. Henrik i perm, eg i jobb. På morgonen er det alltid fint å gå ut døra, sette på ein podcast og ha begge hender fri. På ettermiddagen tek eg til å savne Elsa litt, og må nesten springe dei siste 100 meterane til døra. Ein kveld kom eg heim ein halvtime før leggetid, hadde litt stress i kroppen og las boka hennar på senga med ei dårlig kjensle av å ikkje være heilt til stades. Men for det meste nyt eg å sjå Elsa og Henrik få ein nærare relasjon. Innimellom kan eg faktisk bli litt sjalu. Sjølv om eg trur ho framleis er ganske vill etter meg også.