Vigsle ved fjorden

0262Eg lova bort bryllupsbonanza på bloggen, her kjem første del! I alle bryllup er det ofte ein del av dagen som blir litt ekstra minneverdig, og i dette bryllupet var det definitivt vigsla. Det regna før vigsla, og fem minuttar etter brudeparet sa ja var regnet tilbake. Ei kvit tåke la seg over fjorden, som gav alle bildene eit magisk lys. Som fotograf er utendørs vigsle det eg er mest takksam for av alt. Det gir meg masse meir frihet og eg føler meg mykje mindre som elefant i glasshus. Ikkje minst kan brudeparet sjølv ta regi på korleis dei vil ha ting, som å velge å sitje nært kvarandre. Det er små, små detaljar som løftar det heile frå standard rituale til storslagen romantikk. Vil anbefale alle fotointeresserte brudepar å ha utendørs vigsle, nesten uansett. Syns dette brudeparet var beintøffe som hoppa i det dei femten minuttane det var opplett, ikkje minst brura som vart rodd til alters. Dei holdt kvarandre i hendene nesten heile dagen og hadde alle kjenslene utanpå. Det er faktisk ikkje verdas enklaste ting, ein kan lett gløyme kvarandre i nerver og organisering. Eg applauderar dei for å behalde roen og tillate seg sjølv å være spontane! Bryllupet varte ei heil helg, kanskje det var litt av nøkkelen, det var god tid til alt og alle. Det er jo mine topp 3 tips: god tid, masse kos og utendørs vigsle.0021002800490054006200670064007300830089009200950126012801370157015501960199021502300232023302680282031002990302031903210325033703420370035003820392039604490525052905920594