Vi drar til fjällen

_MG_0006Forrige søndag fylte eg tretti år! Eg ønska meg ein skikkelig ferie, og det fekk eg. Fem dagar på fjellet med den vesle gjengen min._MG_0148_MG_0142_MG_9889_MG_0123Eg fekk endelig tid til å begynne på boka til Linn. Den har gløda på nattbordet sidan eg kjøpte den, og eg koste meg med kvart einaste ord._MG_9846_MG_9976Me gjekk latterlig korte turar rundt hytta kvar dag. (Minus ein dag då eg og Elsa sov bort heile ettermiddagen). Elsa kikka forundra på snøen og vart kald på snuten._MG_9759_MG_9720_MG_9979_MG_9701_MG_9693_MG_9696_MG_9963No er eg ikkje twenty-something lenger! Åh, så glad eg ville blitt på 20-årsdagen min om eg hadde fått vite alt det fine som kom til å hende meg i framtida. Tilfeldigvis driv eg og ryddar på harddiskane mine no, så det har vore gøy å sjå tilbake på tiåret samstundes som eg er på veg inn i eit anna. Ikkje at eg er så veldig nostalgisk om dagen, med Elsa i livet er det naturlig og tenke mest framover. Det er så spennande å tenke på alt som kjem! Tenk om dette tiåret blir det beste.