Ungdomsskulen

_MG_3961_MG_3964Her er omslaget på min kommande roman "Ungdomsskulen". Eg syns det er kjempefint, og har såvidt turt å bla i dette forhåndseksemplaret. Slik var det med "Parissyndromet" også, eg har såvidt bladd i den boka, kun når eg har høgtlesningsoppdrag. Det var godt å bli ferdig med dette prosjektet like før babyen kom, det er så stressande å gi ut noko ein jobba lenge med. Eg blir altfor sjølvopptatt og opphengt i alle tilbakemeldingar. Sjølv om eg fekk kjempefine anmeldelsar sist blei eg alltid stressa av å våkne til ny anmeldelse i avisa. No kan eg fokusere på Elsa og drømme om neste prosjekt. Deilig!Her er altså omslaget, meir om innhaldet kjem tidsnok. Boka kjem i mai!