We made it!

_MG_2921_MG_2931_MG_3027I dag er det 1. mars og då er det vår! Denne vinteren la eg nesten ikkje merke til. Eg er ganske lei av vintersko og kåpe, men ellers har den ikkje vore til bry. Elsa har framleis ikkje barnehageplass og eg tek på meg fotooppdrag som vanlig no. Det går ikkje heilt opp, men eg har barnevakt på dagtid to dagar i veka. Eg vil egentlig ikkje anbefale nokon å gjere begge deler, og eg vil ivertfall ikkje gi uttrykk for at det er kjempelett. Eg har deppa litt over at eg ikkje har fått tid til å skrive så mykje, og veldig lite kontinuitet. Når eg er med Elsa er eg berre med Elsa, då tenker eg ikkje på e-postar og bilder som står på vent. Eg trur det er det som får det til å fungere. Me har det jo alltid gøy saman. I går gjekk me ein ettermiddagstur i regnet, og då kunne me ha ein slags samtale frå vogna. Ho har eit par ord ho kan bruke til det meste; Se! Se der! Mamma! Oi!I dag tidleg bestilte eg sommarferie! Det er spennande, eg har ikkje reist med fly sidan 2015 og er egentlig litt stolt over det. I kveld skal me på visning på eit hus, det er spennande. Eg trur kanskje ikkje det er drømmehuset, men me skal sjekke likevel.

Vinterbryllup

_MG_9473På ein av dei finaste dagane i januar fotograferte eg dette brudeparet. Kan ikkje alle gifte seg på vinteren frå no av, please? Eller la meg være fotograf eller gjest i eit nyttårsbryllup, det har eg så lyst til! Helst gjest, eller begge deler._MG_8157_MG_8278_MG_8400_MG_8456_MG_8619_MG_8653_MG_8661_MG_8686_MG_8713_MG_8819_MG_8829_MG_8950_MG_8954_MG_8960_MG_9148

Nasty woman

_MG_0469_MG_0467_MG_0466_MG_0463_MG_0459_MG_0457_MG_0447Ein morgon i Botanisk Hage, då eg var tidleg ute til avtalen min og ikkje klarte å vente med å ta fram kamera.Eg tok ein Kim Kardashian og la bloggen i brakk då januar rulla avgårde. Har lagt meg tidleg, lest Arv&Miljø, rydda i sokkeskuffen, sett ferdig The Fall og møtt venner. Eg er litt spent på det kommande halvåret. Eg trur ikkje Elsa får barnehageplass før august og det er heilt ok. Håpar eg kan jobbe mest mulig, men få mange fine vårdagar med Elsa. Den første veka i året vart kjempestressande og då måtte eg og Henrik legge ein slagplan for denne mellomperioden.Men, drit i det. Eg vil snakke om The Fall! Eg har tenkt så masse på det, det burde være pensum. Stella Gibson er den finaste karakteren eg har sett. Empatisk, feminist, kåt, følsom og smart. Ho får lov til å være heil, ikkje "sterk kvinne-karakteren" eller "heit heltinne". Men alt! Eg elskar alt ho har på seg i serien og omtrent kvar einaste setning ho seier. Spesielt denne setningen:Men always think in terms of fight or flight. In fact, the most common instinct in the face of this kind of threat is to freeze. If she didn't fight, if she didn't scream, if she was silent and numb, it's because she was petrified. If she went with him quietly, it's because she was afraid for her life. And not just her life, yours, and Nancy's, and the baby's. In that state of fear, she might well have been compliant, she might well have submitted. But that does not mean she consented.Eg vil skrive den over døra til alle rettssalar i verda. Og denne:A woman, I forget who, once asked a male friend why men felt threatened by women. He replied that they were afraid that women might laugh at them. When she asked a group of women why women felt threatened by men. they said, We're afraid they might kill us.Heile serien var ganske mørk, men dessverre ikkje mørkare enn verda akkurat no. Kanskje spesielt som mammaen til eit barn er det ein tung serie å komme gjennom, men desto viktigare. Og det var godt å sjå ein serie der voldtekt ikkje berre er underhaldning, der man stoppar opp ved kvart einaste offer og talte deira historie. Måten dei brukte navnet og ansiktet til offeret om og om igjen. Ein viktig og sjelden detalj. Sjå den. 

Jul og emosjonelt arbeid

_MG_7616Eg har uttalar meg om likestilling og jul i dagens D2. Syns det blei ein fin sak. Då journalisten først kontakta meg var eg redd det skulle være ein sak om kvinner som hysteriske julemonster. For eg syns kvinner skal belønnast for at dei fører tradisjonar vidare og tar emosjonelt ansvar. Eg blir sint når ein latterleggjer tradisjonelle kvinneoppgåver, og eg må innrømme at eg blir litt irritert av ein uttalelse i saka om at "for å være en god mor må du lage en god jul." Kva med far? Og er heilt enig i siste ord "vi lager jo ikke jul med tissen." Kan lesast her.

Alle skal få

_DSF2177_DSF2176Så er det veke 32. Dette med veker er noko ingen andre enn gravide bryr seg om, men man blir besatt av veker og dagar som gravid. Merkar godt at det begynnar å nærme seg slutten, spesielt om nettene. Er heilt øm i kroppen når eg våknar. Eg og Caroline pleier å svømme ein morgon i veka, det er alltid så deilig å senke seg ned i det varme vatnet og bevege seg uten å belaste eit einaste ledd. Har svømt sidan starten og trur det har hatt veldig mykje å sei for korleis eg har det i kroppen og i skallen. Sjølv om det blir meir og meir upraktisk med mage begynnar det å bli veldig spennande å kjenne kor stor babyen er, og kor god kontakt eg får. No er eg så langt på vei at kroppen er allemannseige. Her kan det meinast og synsast! Klart eg blir kjempeglad for fine kompliment, men det er litt uvant at korleis eg ser ut er eit tema for alle eg snakkar med. Eller, eg syns det er fint så lenge det er hyggelige kommentarar. "Du ser litt sliten ut" er ikkje noko eg vil høyre etter ei natt med dårlig søvn. Eg veit godt sjølv at eg ser ut som Dracula i bakrus. Eg syns egentlig det berre er gøy å snakke om graviditeten, men innimellom tar folk heilt av. Det blir litt vel intimt å stå heilt naken i garderoben etter svømming og svare på spørsmål om kroppen frå framande. Ein ville liksom aldri spurt ein ugravid person om kor mykje hen har gått opp i vekt i det siste, kor mange gongar om dagen ein går på do eller om magen deira er normal i størrelsen. Herregud, kva folk lurar på! Som om gravide sender ut mikrobølger som blokkerar all sosial intelligens og kvardagsleg folkeskikk. Har aldri hatt så mykje merkelig smalltalk i mitt liv før. På bussen, i køen på butikken og på gata. For det meste syns eg det berre er gøy og absurd, innimellom kan eg bli skremt (alle har ei tante eller ein kollega som revna frå navlen til nakken eller fekk ein baby med ein grusom sjukdom). I verste fall blir eg skikkelig lei meg, eller djupt bekymra for folk sine sosiale evner.

Radio

IMG_0524_MG_3880Amigos! Her er ein liten radiodokumentar på NRK der eg snakkar om Paris. Skuffelse, glede og alt det der. Stakkars Paris, eg elskar jo Paris, men etter "Parissyndromet" har eg fått muligheten til å disse Paris som aldri før. Håpar franske myndighetar lar meg sleppe inn i landet neste gong eg skal til dit.Eg eg forresten på desperat jakt etter nye radioprogram å høyre på mens eg redigerar bilder. Frå før av pleier eg å høyre på Lørdagsrådet, Tusvik&Tønne og diverse radiodokumentarar, men no føler eg at eg har runda alt som fins av podcastar. Nokon som har tips om kva eg kan høyre på?