Redd barna

_MG_5109_MG_5096I dag våkna eg av dette tøysefjeset som smilte og sa mamma. Ho har sagt det før, men ikkje på samme måte. Kanskje den finaste måten eg har våkna på nokonsinne. Ho fyller ti mnd i dag, i går reiste ho seg opp heilt sjølv for første gong. No har eg delvis mammaperm ut januar, det passar fint i denne mørketida. Må innrømme at første dagen i perm var eit lite slag i fjeset. Eg stod misunnelig i kjøkkenvinduet og såg Henrik tusle avgårde til jobb. Var blitt ganske komfortabel med å være den som drar ut døra om morgonen. Er det lov å sei? Eg sa det ivertfall. Men no, etter ei veke med Elsa hugsar eg kor fint det er å være med ho på dagane. Og kor heldig eg er som får betalt for å være med mitt eige barn. Eg skammar meg over desse priviligerte "problema" mine når eg ser kva som skjer i verda. Må ikkje tenke at eg er makteslaus, eg må tenke at eg er ein av dei som har mulighet til å hjelpe. Her fins er artikkel med heilt konkrete tips til kva ein kan gjere for å hjelpe dei som bur i Aleppo. Eg har støtta Redd Barna.

Trygghet

IMG_0646IMG_5748IMG_5702IMG_5539IMG_0505_MG_4870_MG_4940_MG_4958Dei blodige gatene frå fredagskvelden er gater eg forbinder med trygghet. Eg forbinder dei med å være ung, med å føle seg trygg i folkemengden, med å gå heim om kvelden under lyktestolpar som passar på deg. Eg forbinder Paris med trygghet og fellesskap, fordi ein aldri er åleine, ein kan alltids spørre nokon etter vegen eller om du er på riktig tog. Fordi det alltid er nokon som kjeftar dersom ein går på metroen før alle har gått av. Paris er ein magisk by, det er heilt sant. Eg er sikker på at alle som var på konsert på Bataclan kjente seg like trygge som meg den kvelden, før heile verdensbildet vårt blei forandra. Berre at eg var faktisk var trygg. Heime, med ein sparkande baby i magen eg plutselig ikkje visste kva slags verden skulle få sjå. Om mitt barn kan gå rundt i Paris gater om tjue år og kjenne på den samme tryggheten eg følte der. Håpar det, sjølv om det akkurat no kjennes som om verden er ein plass der ein svarar hat med hat.

I didn't know the city at all, but I was so happy to be in New York I cried. I was so excited.

_MG_8902Eg var i New York tidlegare i høst, med Mads, Kaja og Henrik. Eg fekk heilt sjokk, byen kjentes så konstant. Uansett kva tid det var på døgnet var det masse folk i gatene, bilar, lydar, duer, alarmar. Eg har gått rundt i fleire år og tenkt på Oslo som ein europeisk storby (haha!), og ikkje skjønt kor stille det er her. Eg kan gå heim om kvelden og være den einaste personen i gata, eg kan stå opp på søndagmorgon, gå ut og være den einaste personen i heile BYEN! Men, her litt av bildene frå turen:_MG_8844Den første dagen gjekk me rett i New York-baret, og endte opp sovande i ein taxi alle fire, lenge før midnatt._MG_8846-2_MG_8827Og me skreik som tullete turistar som me tilfeldigvis gjekk forbi Tom's Restaurant. -Sjååååå!!!! ropte eg. Haha._MG_8959_MG_8871Eg tok så masse bilder av Kaja på denne turen, nokre personar drar kameraet mot seg med å berre slappe av foran det._MG_8879_MG_8895_MG_8917_MG_8920Halvard, som bur der, viste oss ein heilt stille hage på baksida av Cathedral of Saint John the Divine._MG_8927_MG_8921_MG_8929Mads gjorde litt power-posing._MG_8935_MG_8942_MG_8949Eg kjøpte is med olivenolje og havsalt på. Litt rart._MG_8950_MG_8952_MG_8953_MG_8981_MG_9021Eg gjekk dobbel-denim den eine dagen. Er man i USA, så._MG_8986_MG_9052Mads overtalte oss til å ete lunsj på Katz. Det var ganske spesielt, akkurat så spesielt som det ser ut. Loff og kjøtt._MG_9063_MG_9061_MG_9074_MG_9090_MG_9211_MG_9103_MG_9124Den siste dagen møtte eg Benedikte, som tilfeldigvis hadde flytta til New York dagen før. Så rart å finne kvarandre på andre sida av havet._MG_9134_MG_9138_MG_9156_MG_9183_MG_9194Eg likte at det kjentes som om New York er alle sin by, ikkje berre ei smal gruppe menneske, men alle, tilogmed oss. Det var veldig overveldande, eg var heilt utslitt når eg kom heim, berre det å sitte på ein kafé og lese bok var så inntrykksfullt; samtalen på nabobordet, småpraten eg hadde med servitøren, lydar frå gata utenfor. Eg likar åpenheten, at om man vil kan man komme i prat med kven som helst, men samtidig elskar eg roen og rommet eg har rundt meg heime. Den eine dagen prøvde eg å ta det ganske med ro, jogge litt i Central Park, ete lang frukost, lese litt, men endte likevel opp med å rase rundt over heile Manhattan. Det var liksom umulig å ikkje ta del i byen.

Gøteborg

IMG_1442IMG_1426IMG_1437IMG_1459IMG_1523IMG_1499IMG_1506IMG_1550IMG_1565IMG_1583IMG_1597Gøteborg er så fin by, tre timar unna med Swebus, litt meir spennande enn Oslo, alltid dårlig vær. Det har liksom blitt ein tradisjon å treffast der i november, når vinteren snart begynnar og man har ingen planar uansett.

Venezia

IMG_2308IMG_2381IMG_2425IMG_2428IMG_2431IMG_2442Når me gjekk av toget i Venezia fekk eg sjokk, eg hadde gløymt å tenke på at det fins ingen bilar der, det er vatnet som er veien. Båtane ligg så lavt på vatnet, man er nesten under overflaten. Me tok båten ut til Lido, alle dei andre passasjerane var pensjonistar, me kunne sjå sola gå ned i havet. På hotellrommet vårt hadde dei hotellansatte spraya ein rar parfyme som fekk meg til å nyse. Me hadde planlagt å kjøre gondol, men så gjorde me det ikkje likevel. Eg hadde lyst å kjøpe ei maske, men klarte ikkje velge ut den eg syns var finast. Me åt på det som kanskje var favorittrestauranten til Antonio Banderas. Me såg ein mann me trudde var ein kjent regissør, men ingen av oss hugsa navnet på han eller filmane hans. Me gjekk inn i ein katedral, dei hadde dekorert med eit hav at røde plastroser rundt eit bilde av jomfru Maria, og svære palmer, også i plast, stod ved alteret. Eg jogga på stranda, det var nesten ingen der, etterpå bada eg i havet. Eg var på biennalen, tok bilder av bildene til fotografane eg likte, så eg ikkje skulle gløyme dei. Me drakk opp alt i mini-baren, unntatt vannflaskene.