Susan

_MG_7257_MG_7226_MG_7218_MG_7176Mi gode venninne Susan, tre dagar etter 30-årsdagen sin. Dette er året nesten alle eg kjenner fyller tretti. Eg har kjent dei fleste i ti år eller meir. Ingen er den samme som då me møttes. Alle har blitt så spennande og ordentlige. Og samtalane våre har blitt så fine. I starten av tjueårene var eg nok litt distansert, kanskje det var tenårene som spøkte. Eg turte aldri å være direkte, ta opp eit kjipt tema eller sei frå om eg var lei meg. Og det passar nok ikkje meg så godt, eg trives egentlig best uten all ironisk distanse. Susan er ivertfall ein av dei som alltid har vore flink til å stille ganske direkte spørsmål, det syns eg er så befriande. Ein riktig bra samtalepartner.

17. mai

_MG_0606_MG_0621_MG_0662_MG_0675_MG_0694_MG_0740Nokon glimt fra 17. mai. Frukost med sanghefte på iphone, grunnlovstale, bobler i glaset, ut å kikke på verden, henging i parken, samtalar om kjærligheten og post-bunad. Når eg blir gammal dame skal eg starte kvar dag med eit glas champagne. Sann mine ord!

The Breakfast Club

_MG_3133_MG_3160_MG_3139_MG_3150Dette er min favoritttradisjon. Bedre enn jul! Elskar å stå opp tidlig og gå gjennom gatene med ballongar og kake, eg kunne gjort det kvar dag. 

Gøteborg

IMG_1442IMG_1426IMG_1437IMG_1459IMG_1523IMG_1499IMG_1506IMG_1550IMG_1565IMG_1583IMG_1597Gøteborg er så fin by, tre timar unna med Swebus, litt meir spennande enn Oslo, alltid dårlig vær. Det har liksom blitt ein tradisjon å treffast der i november, når vinteren snart begynnar og man har ingen planar uansett.

01:09 eufori

Ein film frå november når me dansa som tullingar i Göteborg. Har sett den hundre gangar, elskar at alle er inni sin egen verden.

Samme by

IMG_3092Plutselig bur me i samme by, etter tre år med togreiser og meterlange e-postar. I totusenog elleve skriv eg at eg hatar at me ikkje bur i samme by. Wish you were here. I totusenogtolv skriv eg no er det lenge sidan me har budd i samme by. I totusenogtretten skriv eg at eg skulle ønske me budde i samme by. Snart er det tjuefjorten og du bur på sofaen min, håpar det varar. Men alt er i bevegelse, nokon får ein jobb i eit anna land, nokon flyttar til ein annan del av byen, dei som hadde det dritt i fjor har det bra no og dei som har det dritt no hadde det bra i fjor, ingenting vil være det samme om eit år men håpar me bur i samme by.