Ein god påske

_MG_9194_MG_9239_MG_9212_MG_9249_MG_9252_MG_9367_MG_9296_MG_9330_MG_9404_MG_9450_MG_9485_MG_9525Så deilig med kort veke! Eg hadde ein god påskeferie, me fekk bli med Sivert og Caroline til Helgøya. Luksus å kjenne nokon med spennande hytter ved vatnet. Eg gjorde absolutt ingenting der, utenom å lese, rote i cd-samlinga og lage mat. Elsa begynte å gå for alvor og utvikla seg masse motorisk. Me hadde påskeeggjakt, såg Paradise Hotel, Sivert og Caroline rydda og fiksa i hagen, eg tok ein joggetur, Karina kom på besøk og Sivert bygde ein fuglekasse. Den eine dagen spaserte me til Skafferiet og spiste kaker. Bra ferie. Og no er det helg igjen, hoho!

We made it!

_MG_2921_MG_2931_MG_3027I dag er det 1. mars og då er det vår! Denne vinteren la eg nesten ikkje merke til. Eg er ganske lei av vintersko og kåpe, men ellers har den ikkje vore til bry. Elsa har framleis ikkje barnehageplass og eg tek på meg fotooppdrag som vanlig no. Det går ikkje heilt opp, men eg har barnevakt på dagtid to dagar i veka. Eg vil egentlig ikkje anbefale nokon å gjere begge deler, og eg vil ivertfall ikkje gi uttrykk for at det er kjempelett. Eg har deppa litt over at eg ikkje har fått tid til å skrive så mykje, og veldig lite kontinuitet. Når eg er med Elsa er eg berre med Elsa, då tenker eg ikkje på e-postar og bilder som står på vent. Eg trur det er det som får det til å fungere. Me har det jo alltid gøy saman. I går gjekk me ein ettermiddagstur i regnet, og då kunne me ha ein slags samtale frå vogna. Ho har eit par ord ho kan bruke til det meste; Se! Se der! Mamma! Oi!I dag tidleg bestilte eg sommarferie! Det er spennande, eg har ikkje reist med fly sidan 2015 og er egentlig litt stolt over det. I kveld skal me på visning på eit hus, det er spennande. Eg trur kanskje ikkje det er drømmehuset, men me skal sjekke likevel.

Vintage Diamant

_MG_6490_MG_6493_MG_6495_MG_6508_MG_6511Ein dag me kjørte til Ski og kjøpte ein bruktsykkel til Henrik. Den første julepresangen eg fekk av Henrik var forøvrig ein gammal tandemsykkel, no står den i bakgården og må fiksast litt til våren. Då skal eg sykle rundt i byen og spørre om folk vil sitte på.