Pocket og oppdatering

_MG_7615Hei! No er det lenge sidan eg har vore her! Mai har vore full av fotooppdrag, eg har konsentrert meg mest om det og om å nyte favorittmånaden min. Tenk at denne våren er så annleis enn den i fjor. Både i kjensle og i kvardagen. Frå å skubbe ein sovande baby rundt i gater og parkar har eg ei stor jente som klatrar og tullar. Frå å være bekymra over å være borte frå babyen i meir enn to timar, til å nyte alle spennande oppdrag som kjem inn. Eg har skrivebordet vendt ut mot ei stor, grønn hengebjørk. Begge balkongdørene opne når det er varmt. Drømmer om å finne eit par perfekte solbriller på second-hand. I sommar skal me fly til Italia, eg gruar meg til å fly (flyskrekk) men ser fram til å vise Elsa skyene frå andre sida. I går var me på ein visning, i hagen fanst ei uvanlig stor rhododendron. Me såg ho springe rundt i graset, peike på planter og plukke løvetann. Me er livredd for å ta feil valg, no når alt er så fint, kvifor endre noko?I forrige veke fekk eg ei stor kasse med pocketbøker av "Ungdomsskulen"! Eg syns den er kjempefin, er så stolt over å ha fått den på pocket. Håpar den får bli med på mange strender. Ein gong gjekk ein venn av meg forbi nokon som satt på kafé i Lisboa med boka mi. Eg har aldri vært i Lisboa, men det har den.

Bøkene og barnet

_DSF4115_DSF4111I kveld er det sleppfest for Ungdomsskulen på Pigalle kl. 18:00. Mari Tveita Stagrim, Maria Navarro Skaranger og Ingvild Schade skal lese frå sine dagbøker frå ungdommen! Eg gledar meg sånn! Og eg skal selvfølgelig lese frå Ungdomsskulen.Boka til Mari kjøpte eg forresten den dagen eg skjønte fødselen min kom til å begynne. Eg tok t-banen inn til byen, med små, små rier. Eg tenkte nemlig at det var lurt å ha litt bra lesestoff til fødeslen og sjukehusoppholdet. Skjønnar no at eg ikkje hadde peiling på kva eg gjekk til. Haha. Tok meg to mnd før eg kom på at eg hadde boka liggande. No har eg endelig fått lest den, novelleformatet passar babykvardagen perfekt, og den er veldig god.

Ungdomsskulen

_MG_3961_MG_3964Her er omslaget på min kommande roman "Ungdomsskulen". Eg syns det er kjempefint, og har såvidt turt å bla i dette forhåndseksemplaret. Slik var det med "Parissyndromet" også, eg har såvidt bladd i den boka, kun når eg har høgtlesningsoppdrag. Det var godt å bli ferdig med dette prosjektet like før babyen kom, det er så stressande å gi ut noko ein jobba lenge med. Eg blir altfor sjølvopptatt og opphengt i alle tilbakemeldingar. Sjølv om eg fekk kjempefine anmeldelsar sist blei eg alltid stressa av å våkne til ny anmeldelse i avisa. No kan eg fokusere på Elsa og drømme om neste prosjekt. Deilig!Her er altså omslaget, meir om innhaldet kjem tidsnok. Boka kjem i mai!