Inga

_MG_5301Inga kom innom studio med ein baby i magen. Heilt sprøtt. Eg likar så godt å få følge folk på denne måten! Neste gong me treffes er det ein til der.Siden det er fredag skal eg dele denne spelelista her. Har høyrt den i fillebitar og har holdt på med den sidan oktober. Det er ei andektig greie for meg, det med spelelister. Om eg lyttar på ei liste eg lagde for tre år sidan blir eg dratt rett inn i universet eg var i då. Så her har du essensen av mitt oktober-januar.

Emilie Storaas

Tok artistbilder av denne vakre havfrua for nokre veker sidan! Fint oppdrag, sjølv om me aldri hadde møttes før var me liksom på samme planet om kva me tenkte om bildene. Sjekk ut Emilie sin musikk her. Bandet hennar blei også Ukas Urørt i dag, ein fin tilfeldighet. Verden er i sync osv.

Eyolf

_MG_9040_MG_8874_MG_8871_MG_8961Testbilder av svigerfar og to av hans favoritt eigedelar; bassgitaren og ei gammal skøytehue.

Studio

_MG_9105_MG_9107Åhhhhhhhhhh, endelig har eg makka meg til å leie meg inn i eit studio, med min egen kontorplass. Endelig! Etter to år som sjølvstendig næringsdrivande, der eg har stått opp om morgonen og satt meg ved skrivebordet i stova, kan eg endelig stå opp om morgonen og berre stikke. Det er det beste eg har gjort på hundre år, får gjort dobbelt så mykje skrive- og redigeringsarbeid på sikkert halvparten av tida. Eg elskar å ha ein liten krok for meg sjølv, at det går litt i dørene, at eg kan prate med nokon i løpet av ein arbeidsdag, at lyset i studio er fantastisk, at eg sikkert aldri kjem til å bruke blitz på grunn av dei svære østvendte vindua. Har tatt masse bilder i dag, skal snart vise.