Lago di Como

_MG_8509_MG_8528_MG_8400_MG_8537_DSF6652_MG_8520_MG_8512_MG_8516_MG_8415_MG_8422_MG_8497_MG_8302_DSF6932_DSF6922_DSF6920_MG_8568_MG_8730_DSF6844_DSF6629_DSF6508_DSF6942_MG_8770_MG_8825_DSF6788_DSF6687Comosjøen minnar litt om vestlandet. Eg kjenner meg straks heime i landskapet. Omringa av fjell, frodig og grønt. Det veks kløver og groblad, samme som heime. Kaldt og morgonen, før sola vell over fjelltoppane. Ei natt var det tordenvær, men det var den natta eg sov best. På morgonen stod me opp med Elsa, kokte graut på eit lite kjøkken og sprang rundt i hagen til den ordentlege frukosten var klar. Det fanst ingen barnestol der, Elsa fekk sitte på ein antikk stol med silketrekk, eg noia for all yoghurten og brødsmulane som havna på den. Overalt i hagen og huset står små stilleben av gamle møblar, syklar og skrot. På formiddagen sov Elsa i vogna medan me leste bok og drakk kaffi. Så snart ho våkna måtte me ha pizza, fort! Trafikken er så vanskelig, ein dag vart Henrik nesten påkjørt i eit fotgjengarfelt. Eg og Elsa stod like bak og vart så skremt at tårene fossa. På ettermiddagen bada me i badekaret på rommet. Verten vår, Nadia passa babycallen eit par kveldar. Då var me på restauranten nede i gata, som var litt fantastisk. Vanligvis ville eg aldri latt nokon eg ikkje kjente veldig godt passe, men det var annleis med Nadia. Men dei fleste kveldane satt me på balkongen til sola gjekk ned, med pizza og bøker. Det fins ein liten sti like ved huset, der ein kan gå opp i fjella. For to år sidan gjekk me den stien og bada nakne i elva. Denne gongen bada me på dei steinete strendene, eg skulle ønske eg hadde badesko til meg sjølv også. På den aller varmaste dagen fekk Elsa ein stor jordbærsorbet, ho åt heile.

Ciao!

_MG_8676Hei frå ferien! I skrivande stund høyrer eg på det nye Lana Del Rey-albumet og har akkurat sendt avgårde bryllupsbilder. Tidlegare i sommar var eg og den vesle familien min i Italia, tilbake der me var på bryllupsreise for to år sidan. Elsa låg i magen då, uten at me visste det. Det var deilig å være tilbake, denne gongen med det eg ønska meg aller mest då. No har me vore heime i eit par veker og eg er virkelig i feriemodus. Sorry om eg ikkje har svart på e-posten din. Eg har lest ferdig "Et lite liv" av Hanya Yanagihara, den gjorde fysisk vondt å lese og eg angra fleire gongar på at eg hadde begynt på den. Har aldri grete så hardt av ei bok før. Men den var nydelig også. I kveld skal eg lese dei siste sidene i Milan Kundera "Tilværelsens uutholdelige letthet", som eg kjem til å skrive ned eit par favorittsetningar frå. Etter det veit eg ikkje kva eg skal begynne på. Noko lystig kanskje._MG_8636_MG_8640Over til Italia! Me budde på L'albero delle Noci ved Comosjøen. Reis dit, berre gjer det. Bestill rommet med utsikten. Lytt til alle rådene verten Nadia gir deg. Et verdens beste pizza i verdens minst sjarmerande lokale i landsbyen der. Gå tur i fjellet. Voila, verdens beste ferie. Advarsel! Stress med italiensk trafikk. Eg har masse fine bilder derfrå, kanskje eg postar fleire om det blir regnvær ein dag._DSF6473_DSF6933_MG_8710_MG_8738_MG_8740_MG_8534

Håheim Gård

Fem år

IMG_0143IMG_0202IMG_0464aIMG_0469IMG_0385IMG_0386IMG_0379IMG_0364IMG_0448IMG_0510Kvar gong eg kjem over desse bildene er min første reaksjon at eg burde slette dei. At heile historien vil forsvinne, som når ein slettar eit bilde som ikkje blei så bra. Borte.Eg minnes ting som var fine også. At det var masse folk i gatene dagen etter. At me tilogmed lo på bussen. At eg snakka i telefonen med nesten alle eg var glad i. At me bada på stranda ved Henie Onstad. Det fins eit bilde av det. I bakgrunnen er flagget på halv stang, me har vatn opp til skuldrene og står heilt stille. Eg minnes at me var i eit slags kapell. Det var lyst og åpent, heilt til me talte stolane i rommet. Det var nesten 80 stolar. Og kvalmen kom tilbake, den kvalmen som dukkar opp med jevne mellomrom. Eg sjekkar nyhetene før eg sovnar. Det har hendt noko. Våknar ennå ein gong til tallet av menneske som kan fylle store salar.

Fuji x100t og Comosjøen

Hallo! Eg har fått nytt bloggdesign(av Mariell) og ny bloggadresse! Eg har også gifta meg sidan sist! Skal vise bilder seinare. Her kjem masse bilder frå bryllupsreisa ivertfall. Me fekk eit Fujix100t i bryllupspresang, er så takknemlig for det. Dei siste par åra har eg tatt altfor mange bilder med telefonen min, som eg aldri har printa eller brukt til noko. Så synd! På fridtida orkar eg sjelden å ha med speilrefleks, men no trur eg at koden er knekt. Eit lite, superenkelt kamera me begge kan bruke, som tar digge bilder. No blir det album og printing framover, lovar. Og blogging._DSF0238Men, bryllupsreisa! Me var ved Comosjøen, og budde på denne B&B'en. Lov meg at du reiser hit! Fantastisk frukost, sjukt fint rom og balkong med kveldssol. Det einaste minuset er at man definitivt bør leie bil, litt upraktisk når berre ein av oss har lappen. Og litt skummelt med skorpionen som dukka opp på kjøkkenet ein morgon. Ellers er alt uvirkelig vakkert._DSF0245_DSF0250_DSF0306_DSF0375_DSF0397_DSF0409_DSF0443_DSF0449_DSF0457_DSF0517_DSF0549_DSF0553_DSF0559_DSF0567_DSF0579_DSF0581_DSF0718_DSF0755_DSF0675_DSF0920_DSF0976_DSF0822_DSF0602

Ebeltoft

_MG_2588_MG_2568_MG_2419_MG_2439_MG_2446_MG_2413_MG_2450_MG_2329_MG_2552_MG_2527_MG_2606_MG_2744Var på ferie i Ebeltoft i starten av august. Leste Agnes Ravatn og Pål Angelskår, hoppa på trampoline, såg Løvenes Konge 2 tre gongar, tryna mens eg sprang langs strandpromenaden, blei mektig imponert av hesten på det øverste bildet, bada, den steinete stranda fekk meg nesten til å kjøpe crocs, men tanken på at eg kom til å ende opp med å kaste dei fekk meg til å avstå.