Skrive 2

Går imot mitt eige råd om å ikkje skrive på kafé. Klarar ikkje å stenge verda ute, miljøet smittar over i teksten. Akkurat no skriv eg dette for å få ein pause, berre kludre ned det eg tenker på. Har akkurat spist ein bolle, burde valgt croissant. I dag tidleg raste fire handverkarar inn døra 07:30. Me må renovere badet, golvet sprekker opp og løsnar. Under flisene fant dei ennå eit lag med fliser, det samme må ha hendt dei som budde der før oss. Men denne gongen blir det ikkje halvvegs, til jul har me badekar. Eg skal bade med Elsa kvar kveld, akkurat som me gjorde i Italia. I ettermiddag tar me toget ut til besteforeldre, slik blir det kvar dag i tre veker. Spise frukost på toget og skrive/redigere på ein kafé nær barnehagen. Eg veit ikkje om me skal bu i den vesle treromsen for alltid, men akkurat no er det ein god tanke. Bygget er frå 1949, ein merkar optimismen frå etterkrigstida i måten det er bygd på. Naboen har budd der sidan starten, eg tenker ofte på akkurat det.

Skrive

No er det midten av november. Eg har fylt 31 år. Akkurat no ventar eg på at biblioteket skal opne, eg har drukke ein kruttsterk kaffi og ser den første snøen falle i Skovveien. I dag henta eg fåreskinnskåpa frå bestemor på loftet, eg ser fornuftig og damete ut i den. Så langt har eg brukt heile november til å skrive. Har takka nei til alle fotooppdrag, det måtte berre bli sånn. Har fått oversikt over at eg ikkje har oversikt i det heile tatt. Dagane går så fort, eg får såvidt tid til å skrive det eg tenker eg skal skrive og lese det eg vil. Kvar morgon går eg til biblioteket, avstår frå å kjøpe kaffi i kaféen, har med matpakke. Det er litt klønete reisevei, men så snart eg finn plassen min på lesesalen forsvinn eg inn i skjermen. Når eg er som mest konsentrert merkar eg at eg er sulten, eg overser det så lenge eg kan. Ein fredag var eg heime med feberbarn, spiste klementiner og bestilte pizza. I helga var me på Megazone og skøyt med laserpistol, eg tenkte ingen andre tankar inne i den mørke labyrinten. Det må være mitt beste novembertips.

Nils

_MG_6618_MG_6785_MG_6532Bilder eg tok av min redaktør til hans nye bok "Er hun din?". At Nils blei min redaktør er ein stor tilfeldighet. Det begynte med at Linda Klakken (som eg ikkje kjente då) leste min blogg. Ho tipsa Nils om denne bloggen, som igjen tok kontakt med meg for å høyre om eg nokon sinne hadde tenkt på å skrive noko lengre. Det hadde eg jo, men eg hadde liksom aldri hatt sjølvtillit nok til å leve ut tanken. Etter det begynte eg så smått på Parissyndromet. Eg brukte to år på å skrive den, og det var veldig gøy når den begynte å ta form. Eg hugsar eg ba Nils om å være ekstra streng med mitt manusskript, men han ropte berre heia heia og ba meg alltid om å skrive meir. Det hadde nok ikkje gått om eg ikkje hadde hatt den heiinga i bakgrunnen, eg hadde nok feiga ut eller blitt for sjølvkritisk. Det var i den perioden av tjueåra då folk rundt meg begynte å få fast jobb og bedre økonomi. Det stressa meg litt, for eg følte meg ofte som ein idiot når folk spurte kva eg dreiv med. Det er vanskelig å svare at man held på med ei bok uten å høyres ut som Hannah i Girls. Eg kjente meg som ein fuck-up i dei periodane eg hadde lite pengar og mangla trua på prosjektet. Det tar sjukt mykje tid å skrive. Eg elska å skrive den boka, men det var veldig skummelt å investere så mykje tid i noko. Men Nils var alltid sikker på at det kom til å gå bra. Noko eg i ettertid har tenkt var veldig modig av han. Han gav liksom mikrofonen til den som stod bakerst i lokalet, som ikkje eingong hadde bedt om den. Verdas litteraturhistorie har eit stort svart hol i seg, det manglar unge kvinner der. Eg berømmer Flamme Forlag for å ta inn unge kvinner uten å gjere det til ein uttalt kvinnegreie, og for å leite etter dei folka som gøymer seg under steinar. Finne dei som er skrivande, men som kanskje ikkje tør å skrive for andre enn seg sjølv. Det er dristig! No er det tre år sidan Parissyndromet kom ut og den hatt fleire opplag i trykken. Og sidan har det jo blitt ennå ei bok. Eg blir så stolt når eg tenker på det! Og takksam for at Nils ville lese det eg skreiv.

Veke 27

_DSF1992Her kjem eit livsteikn! No for tida prøvar eg å skrive mest mulig før babyen kjem. Skrivetips: bli gravid, verdens beste deadline. Ivertfall så lenge eg klarar å holde meg våken. Pleier å våkne kvar natt kl. 04:00 for å ikkje få sove att. Så irriterande og bortkasta tid å ligge våken i mørket. Har heldigvis høyrt frå fleire gravide at dei har samme type psykedeliske netter. Blir derfor veldig søvning på ettermiddagen, så dagen pleier å avslutte seg sjølv med at eg sovnar over pulten på Nasjonalbiblioteket. Prøvar å skrive ein del for hånd for konsentrasjonens skyld, så no føler eg at eg har blitt ein slags original på biblioteket, ho gravide med penn og papir som alltid sovnar i 15-draget. Det var litt om meg og min kropp!

Skrivetips

_MG_9107Ei av mine skrivande venner lurte på om eg hadde litt skrivetips. Og det hadde eg jo! Tenkte eg kunne publisere dei her også i håp om å hjelpe alle dykk som jobbar med tekst. Desse tipsa har eg oppretta sakte men sikkert for meg sjølv, basert på eigne erfaringar og råd frå andre. Eg prøvar virkelig å følge desse reglane, fordi eg syns dei funkar. Innimellom gløymer eg dei litt, og det er sjølvsagt også heilt greit. Mange av dei er ganske enkle og åpenbare, men det er godt å ha dei liggande på dei dagane eg har lyst å gi opp. Her er mine skrivetips:-Om eg står dønn fast i ei setning eller eit avsnitt hoppar eg heller vidare til ein annan plass i teksten, så slepp eg å bruke for mykje tid på å sture. Det funkar alltid bedre å komme tilbake til ting om eg står fast.-Når eg går frå kontoret kan eg skrive ei liten setning, eit stikkord, ein detalj eller noko anna eg kunne tenke meg å skrive om dagen etter. Så er det lettare å ta opp tråden!-Skriv om morgonen. Eg kan berre gløyme å skrive på ettermiddagen. Då er eg sulten og mentalt forsøpla etter å ha vore bak ein skjerm i fleire timar. I verste fall kan eg skrive seint om kvelden, men då må eg ha fullstendig ro.-Tenk på ting i teksten din som du gler deg til å skrive. Skriv dei.-Vær litt var med deg sjølv, skriv i eit rom du syns er positivt å oppholde deg i (eg likar kontoret mitt, 37-bussen, Nationalbiblioteket, Stockfleths i Gamlebyen, Asylet like etter opningstid i vekedagane). Få nok mat, lys, ha rutinar, beveg deg, høyr på bra musikk osv. Eit veldig enkelt råd, men vanskeligast å følge, i skrivande stund er eg kjempesulten og har null konsentrasjon).-Ta litt og litt. Ikkje tenk at "i dag skal eg skrive tusen sider". Del det meir opp, tenk at "i dag skal eg skrive akkurat det avsnittet og det skal bli skikkelig bra". Det hjelp meg å holde konsentrasjonen oppe, og at ikkje alt virkar som ein graut av ting du har gjort og ikkje gjort.-Copy/paste. Eg skriv ofte setningar uten å ha dei i riktig samanheng, så finn eg heller ut av det etterpå. Ofte kan eg la slutten av eit avnsitt heller bli begynnelsen på eit avsnitt, elskar å flytte rundt på setningar.-Aldri, aldri vent på inspirasjon, berre gjer det du skal gjere. Men å oppsøke inspirasjon er fint, om eg våknar opp med tomme tankar kan det hjelpe å lese litt i andre tekstar eller min egen tekst.-Ta back-up på kvar minste setning.-Ha eit roteark i word eller ei fysisk notatbot der du skriv stikkord jevnlig, det er genialt å ta fram når du står fast.-Til sist, dei beste setningane er vanskelige å planlegge på forhånd, dei kjem når eg er godt inni teksten. Og det er det som er gøy.