Maia Kjeldset Siverts

_MG_5298_MG_5335_MG_5467_MG_5588_MG_5586Dei siste vekene har eg tatt forfattarportrett til vårens bøker på forlaget mitt. Eg er heldig som får det, for det er skikkelig kosejobbing. (Og så blir det ikkje kleint å gå på julebord, for då kjenner eg alle frå før, hah!).Her er portrett av Maia Kjeldset Siverts. Det vart som ein snodig heime-hos-reportasje, med rotte, marimba og rav som rekvisittar.

Erlend Wichne

_MG_8051_MG_8208_MG_8160Forfattarportrett av Erleng Wichne som gir ut Hav, sløyd i desse dagar. Tatt på Bygdøy ein av dei siste sommardagane i år.

Den egentlige kommunen

_MG_1747_MG_1726 _MG_1927_MG_1902_MG_2043_MG_2067Forfattarportrett eg tok av Morten Langeland, som gir ut boka "Den egentlige kommunen" i høst. På Flamme, sjølvsagt. Likar best bildet der han held seg sjølv i hånda. Fin ting å gjere når ein blir tatt bilde av og ikkje veit kor man skal gjere av hendene sine.

Inga

_MG_5301Inga kom innom studio med ein baby i magen. Heilt sprøtt. Eg likar så godt å få følge folk på denne måten! Neste gong me treffes er det ein til der.Siden det er fredag skal eg dele denne spelelista her. Har høyrt den i fillebitar og har holdt på med den sidan oktober. Det er ei andektig greie for meg, det med spelelister. Om eg lyttar på ei liste eg lagde for tre år sidan blir eg dratt rett inn i universet eg var i då. Så her har du essensen av mitt oktober-januar.