Ei ideell verd

_MG_6667_MG_6689_MG_6731_MG_6727Eg deppar litt over valget. Eg er så lei av å høyre at det ikkje har så mykje å sei kven som er statsminister eller om Frp får sitte i regjering i 4 eller 8 år. Fortell det samme til alle mindreårige i Norge som ventar på å få godkjent familiegjenforening. Fortell ein 15-åring at fire år med eller uten foreldre ikkje har noko å sei. I dette valget var det viktigaste for meg ein raus og human innvandringspolitikk. Me har det så bra her i Norge, me må dele det med fleire. Eg vil at dotter mi skal gå i ein kommunal barnehage, der alle kroner går til barna og til å lønne dei fine folka som jobbar der. Kvar dag leverar eg ho til eit lite univers der alle stiller likt. Ei kvinne brukar hijab. Fleire kan andre språk. Barna har foreldre frå alle verdas land. Ho kjem heim med nye ord, nye venner, ho nynnar på songar eg ikkje kan. Ingen er redde kvarandre, regn betyr sølepyttar å plaske i. Kinna hennar luktar søtt frå eplene dei har delt. Ei utopisk glassklokke midt i Oslo, når det stormar utenfor.

I want to be with you everywhere

_MG_6072Dette bryllupet MÅ eg vise! Sjå så fine dei er! Dette bryllupet var ekstremt godt planlagt, samtidig som brudeparet var veldig avslappa og hadde masse tid til å berre være forelska. Eg var mektig imponert, då dei bur på kvar sitt kontinent. Kanskje det er trikset? Tips: tilbring året før bryllupet på ulike kontinent, då får du best stemning på bryllupsdagen. Me tok brudebilder tidleg på dagen, før vigsla og hadde ganske god tid å reise mellom ulike loactions. Brudeparet hadde valgt ut fleire plassar som betydde noko for dei til bildene. Med kanelboller i veska gjekk det faktisk heilt fint å farte rundt, minus ei lita tå som fekk gnagsår. Lurar litt på om eg skal begynne å tvinge alle brudepar til å ta bilder før viglse og middag, det er så befriande å ha god tid! Begge hadde brudekjolar frå Gaggu Vintage, i år har nitti prosent av alle brudane mine fått sydd kjole der, eller fått tilpassa kjole der. Virkar som om Hedvig (hjernen bak Gaggu) har dekka eit behov hos norske brudar. Vigsla og festen var på Ingensteds, håpar eg få ta bilder der fleire gongar. Bra lys, fint ute og ingen krise dersom regn. I tillegg hadde dei tilfeldigvis booka koret mitt (verdens beste) Akerselva Kvinnekor til å synge Fleetwood Mac og Donna Lewis. Eg nynna litt bak kamera. Men, over til bildene:_MG_6039_MG_6069_MG_6117_MG_6148_MG_6103_MG_6188_MG_6278_MG_6338_MG_6456_MG_6464_MG_6526_MG_6553_MG_6566_MG_6677_MG_6691_MG_6819_MG_6857_MG_6954_MG_6931_MG_6963_MG_6984_MG_6975_MG_7012_MG_7038_MG_7067_MG_7074_MG_7208_MG_7453_MG_7468_MG_7297_MG_7388_MG_7521_MG_7854_MG_7955_MG_8209_MG_8203_MG_8252_MG_8428_MG_8289_MG_8531_MG_8731_MG_8736_MG_8956_MG_9252_MG_9286_MG_8610

Etterstad Kolonihage

På laurdag var me på festival i kolonihagen. No har eg endelig satt meg på liste for å få hus der, eg burde jo ha gjort det då eg flytta til Oslo i 2010. Eg kjøpte gulrotsyltetøy i rein forfjamselse, men angra på at eg ikkje kjøpte plomme- og rødvinsyltetøy. Så spennande å få gå litt rundt i dei små hagane. Eg får nesten litt vondt av å sjå kor fint folk har det._MG_6766_MG_6798_MG_6818_MG_6810_MG_6830_MG_6885_MG_6836_MG_6799_MG_6821_MG_6896Eg ser så tydelig for meg korleis me ville hatt det. Ein god plass å sitte, ein solbærbusk og eit plommetre. Kanskje valmuar og gulrøtter. Og at Oslo ville være like utenfor gjerdet.

Eit klassisk Oslobryllup

Hmm, eg har ganske mange fine bilder frå i vår og sommar eg ikkje har orka å kuratere for bloggen. Men bryllup er alltid lett å flette inn blant kvardagsbildene, så tenkte eg skulle vise litt av det framover. Blir skikkelig inspirert av alle årets brudepar, dei er så forskjellige og overraskar meg stadig. Dette paret gifta seg på Tinghuset, med kun forlovarar og paret som introduserte dei i rommet. Ingen stor greie, men etterfulgt av ei skikkelig bryllupsreise. Enkelt, elegant og veldig gøy! Me gjekk innom Nasjonalgalleriet for å ta brudebilder (og så klart eit cheesy Munchbilde). Etterpå kidnappa eg brudeparet med meg til Slottsparken før dei forsvant avgårde til bryllupsmiddag på restaurant._MG_5100_MG_5108_MG_5207_MG_5229_MG_5261_MG_5299_MG_5301_MG_5331_MG_5474_MG_5458_MG_5513_MG_5542_MG_5559_MG_6244_MG_5931_MG_5661_MG_6142_MG_6148_MG_6277_MG_6279_MG_6281_MG_6525_MG_6371_MG_6334

De Urolige

_DSF7307_DSF7396_DSF7372I dag fylte Elsa 1,5 år. Eg kom ikkje på det før langt ut på dagen, no biggie. Men eg tok masse fine bilder av ho i lyngen, med munnen full av blåbær og masse små tenner. Denne veka er den siste me har saman før barnehage og eg fyller den med det ho likar best. I dag var det blåbær. Ho stod i to timar og plukka sjølv, rett i munnen såklart. Alle formødrene mine må ha levd av å plukke, kvar gong eg plukkar knitrar det i belønningsystemet i hjerna. Jaja, det er vel 200 000 år gamle nyheiter.I helga var me på hyttetur. Eg såg to elgar på nært hold og leste ut Linn Ullmann "De Urolige". Likte den godt, så fine beskrivelsar om å være fange i sin egen oppvekst, om små ting som å kjøpe dressar til begravelse og spontanabort. Fint om foreldre i all sin menneskelegdom og om å være ein som ser. Storslagent og nært om kvarandre. Glad eg leste den. Hugsar eg var i ein bokhandel for eit par år sidan, der Linn Ullmann signerte akkurat den boka. Egentlig ville eg gå bort, men eg var for flau. Men eg kunne jo berre ha gjort det.

Nasty woman

_MG_0469_MG_0467_MG_0466_MG_0463_MG_0459_MG_0457_MG_0447Ein morgon i Botanisk Hage, då eg var tidleg ute til avtalen min og ikkje klarte å vente med å ta fram kamera.Eg tok ein Kim Kardashian og la bloggen i brakk då januar rulla avgårde. Har lagt meg tidleg, lest Arv&Miljø, rydda i sokkeskuffen, sett ferdig The Fall og møtt venner. Eg er litt spent på det kommande halvåret. Eg trur ikkje Elsa får barnehageplass før august og det er heilt ok. Håpar eg kan jobbe mest mulig, men få mange fine vårdagar med Elsa. Den første veka i året vart kjempestressande og då måtte eg og Henrik legge ein slagplan for denne mellomperioden.Men, drit i det. Eg vil snakke om The Fall! Eg har tenkt så masse på det, det burde være pensum. Stella Gibson er den finaste karakteren eg har sett. Empatisk, feminist, kåt, følsom og smart. Ho får lov til å være heil, ikkje "sterk kvinne-karakteren" eller "heit heltinne". Men alt! Eg elskar alt ho har på seg i serien og omtrent kvar einaste setning ho seier. Spesielt denne setningen:Men always think in terms of fight or flight. In fact, the most common instinct in the face of this kind of threat is to freeze. If she didn't fight, if she didn't scream, if she was silent and numb, it's because she was petrified. If she went with him quietly, it's because she was afraid for her life. And not just her life, yours, and Nancy's, and the baby's. In that state of fear, she might well have been compliant, she might well have submitted. But that does not mean she consented.Eg vil skrive den over døra til alle rettssalar i verda. Og denne:A woman, I forget who, once asked a male friend why men felt threatened by women. He replied that they were afraid that women might laugh at them. When she asked a group of women why women felt threatened by men. they said, We're afraid they might kill us.Heile serien var ganske mørk, men dessverre ikkje mørkare enn verda akkurat no. Kanskje spesielt som mammaen til eit barn er det ein tung serie å komme gjennom, men desto viktigare. Og det var godt å sjå ein serie der voldtekt ikkje berre er underhaldning, der man stoppar opp ved kvart einaste offer og talte deira historie. Måten dei brukte navnet og ansiktet til offeret om og om igjen. Ein viktig og sjelden detalj. Sjå den.