Tre ting

579999_274455162656302_183222927_n1. I dag spelar eg og Caroline på Dattera! Me gler oss sånn! Det begynnar 23:00 og me spelar til 03:00, facebook-event her.2. Før eg går til Dattera skal eg lese litt på sleppfesten til Audun Mortensen "Dyr jeg har møtt". Det begynnar klokka fem, facebook-event her.3. Alle kommentarane eg får her har ein lei tendens til å forsvinne inn i spamkommentarane, prøver å gå litt gjennom alle dei tusen spamkommentarane eg får daglig (hjelp!) og hente fram dei som ikkje er spam, men ikkje alltid eg rekk det. Så ikkje bli redd om kommentaren din ikkje dukkar opp, eg har ikkje sletta den, berre ikkje fått sett den.La oss gjere byen i kveld!

Le week-end

IMG_0150IMG_0205IMG_0210IMG_0278IMG_0381Feira 28-årsdagen till Henrik med kakefrukost som blei til kakelunsj, som blei til middag. Gjekk på Pigalle fordi det var fullt alle andre plassar, endte opp med å kokodanse heile natta og gå varm og glad heim i snøen.

Spring fort og le masse

IMG_8432IMG_8437IMG_8452IMG_8468IMG_8481IMG_8486IMG_8487IMG_8469IMG_8495IMG_8499IMG_8537Eg tilbrakte nyttår med langbord, amigos og singstarnachspiel. Og eg blei minna på kor mykje eg elskar fyrverkeri samtidig som eg er livredd for det. Mitt nyttårsfortsett er å passe på å få nok dagslys sjølv om det er vinter og jobbe mindre i helgene. Resten er bra som det er! Med alle slankereartiklar på nettaviser og billboards i gatene er det fort gjort å gå inn i det nye året med sjølvpining og dårlig samvittighet. "Om man springer fort och skrattar mycket ser dom inte at man er ful" sa Henriette Steenstrup på radioen her om dagen. Eg hiver meg på den. I fjor trur eg at eg hadde som fortsett å lære pappa å like sushi, det blei ingen suksess. Og for to har sidan hadde Caroline som mål å ete meir sennep i kvardagen, og vise meir kløft. Dei finaste fortsettene eg har høyrt. Kva kan gå galt, liksom? 

01:09 eufori

Ein film frå november når me dansa som tullingar i Göteborg. Har sett den hundre gangar, elskar at alle er inni sin egen verden.