Inga

_MG_5301Inga kom innom studio med ein baby i magen. Heilt sprøtt. Eg likar så godt å få følge folk på denne måten! Neste gong me treffes er det ein til der.Siden det er fredag skal eg dele denne spelelista her. Har høyrt den i fillebitar og har holdt på med den sidan oktober. Det er ei andektig greie for meg, det med spelelister. Om eg lyttar på ei liste eg lagde for tre år sidan blir eg dratt rett inn i universet eg var i då. Så her har du essensen av mitt oktober-januar.

Emilie Storaas

Tok artistbilder av denne vakre havfrua for nokre veker sidan! Fint oppdrag, sjølv om me aldri hadde møttes før var me liksom på samme planet om kva me tenkte om bildene. Sjekk ut Emilie sin musikk her. Bandet hennar blei også Ukas Urørt i dag, ein fin tilfeldighet. Verden er i sync osv.

Tre ting

579999_274455162656302_183222927_n1. I dag spelar eg og Caroline på Dattera! Me gler oss sånn! Det begynnar 23:00 og me spelar til 03:00, facebook-event her.2. Før eg går til Dattera skal eg lese litt på sleppfesten til Audun Mortensen "Dyr jeg har møtt". Det begynnar klokka fem, facebook-event her.3. Alle kommentarane eg får her har ein lei tendens til å forsvinne inn i spamkommentarane, prøver å gå litt gjennom alle dei tusen spamkommentarane eg får daglig (hjelp!) og hente fram dei som ikkje er spam, men ikkje alltid eg rekk det. Så ikkje bli redd om kommentaren din ikkje dukkar opp, eg har ikkje sletta den, berre ikkje fått sett den.La oss gjere byen i kveld!

Hvis ikkje no, når osv.

photo-9Dei siste åra har eg liksom venta på at nokon skal banke på døra mi og spørre om eg har lyst å begynne å synge igjen. Synging har alltid vore ein av mine finaste hobbyar, ein måte å oppnå ein slags natural high på. Eg får samme følelse av å hente ut ein nyframkalla film på fotobutikken, eller å ta bilder i perfekt lys, men no som det å ta bilder har blitt jobb inkluderar det også eit element av prestasjonspress og økonomi. Når eg var yngre song eg i alltid kor, eller gjekk til sangpedagog, og etter øving var eg euforisk og kunne nesten ikkje vente til neste gong. Men ein gong iløpet av tenårene blei synginga gløymt vekk i alt det som var å være tenåring. Eg begynte med andre ting, begynte å ta bilder, begynte å studere, flytta inn i kollektiv med tynne veggar og alltid nokon heime og eg hadde ingen plassar i livet der det føltes naturlig å synge. Og eg blei flau og sjølvbevisst. Men i høst tenkte eg at no må eg berre teste ut korleis det er å synge igjen. Eg fekk plass i Grønland Kammerkor, som ville ha med meg sjølv om eg har stått på mute i nesten ti år, sjølv om eg ikkje har heilt kontroll på noter og takter. Det var veldig ubehagelig i starten, å ikkje ha peiling på korleis stemma mi egentlig høyrtes ut, men no begynnar eg sakte men sikkert å få meir kontroll. Som eg har savna å ha ein hobby, uten å være klar over det! Når eg er på kor-øving tenker eg på absloutt ingenting. Tre timar i veka der eg forsvinn heilt inn i musikken og stemmene. Og følelsen av rekreasjon i synginga smittar over på kreativiteten i foto og skriving, det har skapt eit fint skille mellom kva som er jobb og kva som er fritid.

Remember GIRL POWER

_MG_0363_MG_7958_MG_6320_MG_6322Fordelen med å være heime å redigere bilder er at eg kan ha lunsj-gjester på besøk. Ulempen er at eg innimellom går på veggen av å jobbe i samme leilighet som eg skal ha fri i. Mitt mål for 2014 er å leige meg eit kontor med masse vinduslys. Sånn, no har eg sagt det høgt, og må leve opp til det.Tenkte eg skulle dele spelelista eg har høyrt mest på i heile vinter, den er her. Den begynte med at eg la til Shy Girls- Second Heartbeat i høst, og iløpet av vinteren har eg lagt til ennå meir halv-sleezy musikk. La nettop til MØ- Say you'll be there, så no tenker at eg lista er offisielt ferdig og klar til og sendast ut i verden. Værsågod, her har du min vinter og din vår.