Slørsuksess i Slottsparken

_MG_0364I sommar møtte eg dette brudeparet i Dronningens Hage for å ta brudebilder. Fin plass å ta bilder dersom ein ikkje vil ut av byen, men ta bilder i det grønne. Veit ikkje kvifor det er så lite folk der, kanskje fordi det virkar stengt? Litt japanske turistar tuslar rundt, men ikkje så mange. Bruden var så fin, med blå sandalar, skreddarsydd kjole og varme fargar i buketten. Anar ein trend med varme, litt snåle bukettar, etter mange år med fredelege eucalyptusbukettar. Eg fekk ei openbaring under denne fotograferinga, som var at skal det være slør må det være masse slør, og det må ikkje henge ned i bakken. Brannfakkel: Syns lange slør som festast med kam bak i sveisen skapar mykje bry under fotograferinga, kammen ødelegger ofte frisyren og folk tråkkar alltid på sløret. Ikkje minst syns det ikkje på bildene når det henger bak som ein plagsom myggnetting. Sånn. Men dette sløret var kort, definert og passa perfekt til den enkle kjolen. Likar også veldig godt korte 60-tallsslør eller slør type Jackie Kennedy. Eller Audrey Hepburn i Funny Face._MG_0343_MG_0321_MG_0234_MG_0209_MG_9672_MG_9578_MG_0584_MG_9573_MG_9586_MG_0486_MG_0547_MG_0514_MG_9701_MG_9726_MG_9731_MG_9870_MG_9900_MG_9804_MG_9814_MG_9957_MG_9932_MG_9936_MG_0646_MG_0601_MG_0636Brudeparet var veldig fine med kvarandre, dei hadde så mange subtile kjærteikn seg imellom. Eg ser jo alt bakom kameraet mitt, eg ser dei som held fram med å kysse når eg tek ned kameraet og dei som ikkje slepp kvarandre i det heile tatt under fotograferinga. Etter ei slik fotografering kan eg være heilt fylt av energi, tenk at det fins så masse forelska folk! Og mange fine folk. Spesielt på lange bryllupsfotografering får eg sett så mange nyansar av eit menneske, korleis dei er med foreldra sine, med vennene sine, når kun partnaren er til stades. Eg får sjå folk utan klede, folk som er stressa, euforiske og veldig sårbare. Eg klarar framleis ikkje sette fingeren på kvifor folk giftar seg, historisk sett har det vore ein patriarkalsk idé, eg kom over ein ekteskapslov frå 1765 ein dag, høyr her: "By marriage, the husband and wife are one person in law: that is, the very being or legal existence of the woman is suspended during the marriage, or at least is incorporated and consolidated into that of the husband." Er ikkje det den mest skremmande setningen om ekteskap du har høyrt? Den finaste teksten eg har høyrt om ekteskap er nok den dei brukar på Tinghuset, den er så alvorlig og inkluderande, utdrag:"Det å love hverandre kjærlighet for resten av livet, er det vanskeligste løfte vi kan gi et menneske.Det krever at dere setter dere høye mål for samlivet, og det krever deres oppriktigevilje til å strekke dere mot disse målene, i dag og i tiden som ligger foran."Syns det er næraste eg kjem ein slags forståelse for kva denne tradisjonen går ut på. Og når eg tenker tilbake på mitt og Henrik sitt bryllup er vigsla det første eg tenker på. Det tok meg med storm, det var eit favorittøyeblikk i livet. I dei minuttane tenkte eg ikkje på alt som kom før og alt som skulle komme etter, eg tenkte berre på at Henrik stod der og ville det samme som meg og kor deilig det var. Ok, no sklei det litt ut her med rant om slør og spørsmål om ekteskapstradisjonen. Takk for meg!

Autobahn inn i livet

Fekk eit spørsmål i kommentarfeltet om ekteskap. Svaret mitt blei så langt at eg publiserar det her:- Jeg er veldig forelska om dagen, men også i et veldig tvilende tankemønster. Er vokst opp med foreldre som aldri giftet seg og skilte lag da jeg var barn, og synes dette med ekteskap er noe litt fremmed. Det hadde vært så spennende å lese dine tanker om dette med kjærlighet, ekteskap og forpliktelse, hvorfor man gifter seg, og hvor ideen om å gifte seg kommer fra? Er det et ønske som kommer innenfra, eller er det formet av forventninger fra de rundt?Takk for spennande spørsmål! Eg syns også det er fascinerande at så mange velger å gifte seg. Og eg er veldig takknemlig for at ekteskapet ikkje er einaste aksepterte samlivsform lenger, for eg trur mange ikkje føler behovet i det heile tatt. Det er jo eit veldig ambisiøst prosjekt, resten av livet liksom. Eg har aldri visst om eg kom til å gifte meg. Før eg møtte Henrik. Det føles veldig rart å skrive, nesten litt disney-skimrande, men eg tenkte tanken pinlig fort då me møttes. Frå tidlegare veit eg at det kan være bedre å avslutte eit forhold enn å bli værande i det, og er kjempeglad for at alle har den friheten. Men eg har også sett besteforeldrene mine bli gamle ilag. Eg har nok beundra besteforeldrene mine ganske masse for det. Dei gifta seg på femtitallet, då det blei meir vanlig å gifte seg av kjærlighet og ikkje berre av praktiske grunnar. Eg trur også det handlar litt om kva type man er. Både eg og Henrik er nok ganske romantiske av natur, og når to sånne personar blir forelska blir det ganske lett å berre satse. Berre i løpet av det siste året har me kjøpt leilighet, gifta oss og blitt gravide uten å være i nærheten av bremsen. Mange ville nok kanskje venta litt med det eine eller det andre, spart litt pengar osv. Me har virkelig kjørt autobahn inn i livet, sånn blir det når to følelsesstyrte personar får holde på. På toppen av det heile kan eg sjølvsagt smøre på argumentet om at det er viktig å være gift eller skrive sambuarkontrakt dersom ein eig felles leilighet, ikkje minst har felles barn. Men skal innrømme at den delen berre ei praktisk greie som kjem på toppen. Eg kan på ingen måte forsvare fornuften i å kle seg i kvitt kostyme og tømme sparekontoen på ein dag. Det er galskap! Upraktisk! Men me ville gjerne ha eit bryllup som felles minne. Me har kjent oss som ein liten familie ganske lenge, så det var ikkje et så stort steg å ta. Forpliktelsen planta seg i oss veldig lenge før me signerte det papiret._MG_4941

Vigsle og kaffigjester

_MG_6389Me hadde vigsle klokka 19:00 om kvelden. Heile dagen lada litt opp til det, så for meg blei det eit absolutt høydepunkt. Då kom det masse venner til kaffi også, så eg blei litt ektra overvelda. Ein dommarfullmektig vigsla oss, då me ville gifte oss utendørs og livssynsnøytralt. Dommaren er ein venn av familien til Henrik, så eg veit faktisk ikkje korleis ein organiserer slikt uten å kjenne nokon. Då me stod foran dommaren hadde eg ein skikkelig natural high (dog med eit glas vin i kroppen, men likevel). Klarte virkelig å nyte øyeblikket, og bildene er akkurat som eg hugsar det._MG_6366_MG_6401_MG_6453_MG_6461_MG_6472_MG_6519_1_MG_6548_1_MG_6562_MG_6534_1_MG_6577_1_MG_6498_MG_6603_MG_6648_1_MG_6667_MG_6673_MG_6680_MG_6688_1_MG_6751_MG_6758_1_MG_6763_MG_6770_MG_6789_MG_6827_MG_6819_MG_6852_MG_7129_MG_7101_MG_6965Alle foto: Miriam Brenne Karlsen

H+H

_MG_4250_MG_4294No vil eg vise litt bilder frå mitt bryllup! Alle bildene er tatt av Miriam Brenne Karlsen. Er så fornøgd og takknemlig for alle desse bildene. Me gifta oss 23. mai, som var den finaste vårdagen i år. Heilt sant. På morgonen inviterte me forlovarar på frukost, og så gjorde me oss klare alle saman heime. Eg hadde brudekjole frå H&M Conscious, krølla mitt eige hår og sminka meg sjølv. Har faktisk aldri følt meg så fin som den dagen. Trur ikkje det egentlig hadde så mykje med korleis eg faktisk såg ut, det var berre ein følelse av å være veldig tilfreds. Caroline hadde med ein overraskelse til meg, som var eit diadem eg fekk låne frå Gaggu Vintage. Det var godt å ha ein rolig morgon heime, det fjerna alt av nerver og stress. Og veldig rart å våkne opp, gå på butikken og handle croissantar og kunne sei at i dag skal me gifte oss._MG_4219_MG_4503_1_MG_4342_MG_4426_MG_4434_MG_4477_MG_4665Så kom svigers for å køyre oss til Øverland Gård. Der hadde me både middag, vielse og fest. Det var litt viktig for meg å ha alt på samme plass, litt for å sleppe stress og for å gjere det lettare for gjestene._MG_4763Svigermor hadde laga brudebukett og av liljekonvall, som eg var veldig, veldig glad for._MG_4911_MG_4840Me tok bilder i skogen og i eplehagen til Øverland Gård medan gjestene var i ferd med komme. Har så masse fine bilder frå dette at eg klarar ikkje velge blant dei. Er så glad for at Miriam kunne ta bildene, det var veldig avslappa og ikkje minst gøy. No har me bildene for alltid, og eg hadde aldri klart å hugse følelsen like bra uten desse. Eg er forresten gravid på desse bildene også, sjølv om eg ikkje visste det sjølv ennå. Syns det gjer dei ekstra, ekstra fine._MG_5080_MG_5136_MG_5244_MG_5293_MG_5308_MG_5378_MG_5305_MG_5466_MG_5616Så kom gjestene og det blei snart tid for middag. Me starta middagen halv fire og var ferdig til bords rundt halv sju, med god hjelp frå vår dyktige toastmaster. Me hadde lyst å bli ferdig med middagen så tidlig som mulig. Siden eg har vore fotograf i veldig mange bryllup måtte eg vri og vende litt på tradisjonane for å ikkje føle at eg var på jobb. Derfor hadde me vigsle på kvelden og middag på ettermiddagen. Pluss at festen blei litt lenger slik at me kunne få snakka meir med alle gjestene. Kan absolutt anbefale å snu litt på tradisjonar få å få dagen slik som ein vil. Klart det er lov!_MG_5684_MG_5580_1_MG_5591_MG_6291Me hadde tapas til middag, og partyhatt var dresscode. Og det blei masse, masse grining._MG_5815_2_MG_5870_MG_5989_MG_5944_MG_6239_MG_6275_MG_6079_MG_6108_MG_6146_MG_6148_MG_6248_MG_5730_MG_5857_MG_6324_MG_6277_1_MG_5739_MG_5792No blei det masse bilder her, så eg kan lage eit nytt innlegg seinare med bilder frå vigsla og festen. Om nokon lurar på planlegging og andre bryllupsrelaterte ting er det berre å spørre!Alle foto: Miriam Brenne Karlsen

Februarbaby

_DSF1813_DSF1818Eg er gravid! Kjennes sprøtt at eg har rukke å både gifte meg og bli gravid på ca. eit kvarter. Har følt meg sjøsjuk i heile sommar, det har vore kjempeskummelt å kombinere med jobb. Alt har sjølvsagt gått heilt fint, men eg har sett for meg ein del skrekkscenario ved å bli bryllupsfotografen som kasta opp under vielsen. R E S P E C T til alle som nokon gong har vore gravide og hatt eit liv samtidig. Heldigvis har eg hatt ein mann som har servert frukost på senga kvar dag, og dei fire siste vekene har kroppen blitt heilt seg sjølv igjen. Unntatt magen då, som plutselig har blitt ein rund ball. Deilig å være over pizzamage-fasen, som har gjort at eg har gått kledd i store kjortlar og kaftanar i heile sommar.Eg såg Newton-programmet om graviditet og fødsel i går, som er det finaste eg har sett på tv nokon gong. Kanskje det berre er fordi eg er gravid, men syns det oppsummerar fint korleis det føles å være lykkelig, bekymra, redd, glad, kvalm og veldig følsom om kvarandre. Og fint med eit så ærlig program, som ikkje tullar det inn i rosa og blå skyer. Kan sjåast her.

Liljekonvall

imageEg har masse fine bilder å vise frå bryllupet mitt! Begynnar med desse. Har sett på denne gifen hundre tusen gongar. Elskar gif. Likar Sivert i vinduet, dei vonbrotne ansikta og Arvid som fangar buketten som om ingenting._MG_7024_MG_7036_MG_7047_MG_7063Gif: Johannes, Foto: Miriam Brenne Karlsen