Pannelugg og gyllent løv

_MG_9441Her står Elsa i sin finaste yogapositur og ser på den gylne bjørka som står utenfor leiligheten._MG_9473_MG_9513Ho blir heilt lyrisk no når det er så mykje fargar og lys ute, og kvar gong me tek henne opp av vogna hyler ho av glede._MG_9541Eg har klippa pannelugg! Kvar haust drømmer eg om ein tung pannelugg under lua, men orkar ikkje ha sovesveis om morgonen. Men i år hadde eg uansett ein liten ammelugg, så då kunne eg like greit kjøre på med den luggen eg alltid har hatt lyst på. Eg hadde jo ein ganske massiv lugg for lenge, lenge sidan. Då i blond versjon. Eg fekk så mange kompliment for den sveisen, sjølv om etsa bort skallen min kvar sjette veke. Glad eg er ute av den loopen._MG_9558_MG_9591Elsa derimot er like skalleper som vanlig, men to små tenner dukka opp for eit par veker sidan.

Ingen planar-helga

Forrige helg hadde me absolutt ingen planar. Så deilig! Me gjekk tur i Frognerparken:_MG_7764_MG_7781_MG_7794_MG_7822_MG_7655Og kjøpte nytt, gammalt sofabord. Har sett etter eit lite bord i heiltre uten skarpe kantar og dette bordet traff på alle punkt. Likar at det har runde bein. Skal pusse av lakken og beholde det resten av livet._MG_7644No har eg begynt å lese frå Årets Saga av Elsa Beskow på kvelden. Illustrasjonane er heilt nydelige, eg vil bu i desse bildene. Det er så fint og fantasifullt om barndom. Elsa elskar å bli lest for, ho skjønnar jo ingenting, men trur ho likar roen og nærheten det gir._MG_8283Natta Elsa!

Silke og kasjmir

_MG_5730No er det loppemarkedsesong! Det er den plassen der man kan finne ting for langt under prisen av verdi. I bruktbutikkar kostar jo ting ofte det det er verdt, men på loppis er det ti kroner for både gull og gråstein. Forrige helg fant eg ein kasjmirgenser, ein 40-tallskjole og to små silkeluer til baby for tilsaman seksti spenn. Ser no at den silkelua kanskje var litt overdådig, men eg skal sjå om eg klarar å få dressa den litt ned._MG_5719_MG_5752_MG_5739

Farvel, august

_MG_7787_MG_7818_MG_7830Forrige veke tok me middagen med ut i parken. Det virkar allerede fjernt. No byrjar me på Elsas første haust. Planen for den er å ta henne med på mange blåbærturar og prøve å få mest mulig tid saman alle tre. For min eigen del skal eg begynne å synge i koret mitt igjen og finne tid til å skrive. Eg skal også bli meir kresen på lys når eg fotograferar. Beskjedne, storslagne planar.

Sigrid&Sigbjørn

_MG_4048Eg tok bilder i Sigrid og Sigbjørn sitt bryllup i september. Dei gifta seg utendørs i Harstad, det regna og landskapet rundt oss var rødt, gult og orange. Det var eit veldig rørande bryllup, det var så tydelig at alle som var der hadde hjulpe til med eit eller anna; bake ei kake, brygge øl, la gjester som kom langvegsfrå overnatte hos seg. Etter vielsen sa Sigrid noko av det finaste eg har høyrt ei brud sei, nemlig at ho hadde ei fantastisk lykkelig og rolig kjensle i kroppen. Sånn skal det være å gifte seg! Eit veldig inspirerande bryllup; blir det regn så blir det regn og då får man ha på støvlar under brudekjolen og det gjer ingenting._MG_4589_MG_4652_MG_4717_MG_4730_MG_4744_MG_4755_MG_4845_MG_4877_MG_5305

I didn't know the city at all, but I was so happy to be in New York I cried. I was so excited.

_MG_8902Eg var i New York tidlegare i høst, med Mads, Kaja og Henrik. Eg fekk heilt sjokk, byen kjentes så konstant. Uansett kva tid det var på døgnet var det masse folk i gatene, bilar, lydar, duer, alarmar. Eg har gått rundt i fleire år og tenkt på Oslo som ein europeisk storby (haha!), og ikkje skjønt kor stille det er her. Eg kan gå heim om kvelden og være den einaste personen i gata, eg kan stå opp på søndagmorgon, gå ut og være den einaste personen i heile BYEN! Men, her litt av bildene frå turen:_MG_8844Den første dagen gjekk me rett i New York-baret, og endte opp sovande i ein taxi alle fire, lenge før midnatt._MG_8846-2_MG_8827Og me skreik som tullete turistar som me tilfeldigvis gjekk forbi Tom's Restaurant. -Sjååååå!!!! ropte eg. Haha._MG_8959_MG_8871Eg tok så masse bilder av Kaja på denne turen, nokre personar drar kameraet mot seg med å berre slappe av foran det._MG_8879_MG_8895_MG_8917_MG_8920Halvard, som bur der, viste oss ein heilt stille hage på baksida av Cathedral of Saint John the Divine._MG_8927_MG_8921_MG_8929Mads gjorde litt power-posing._MG_8935_MG_8942_MG_8949Eg kjøpte is med olivenolje og havsalt på. Litt rart._MG_8950_MG_8952_MG_8953_MG_8981_MG_9021Eg gjekk dobbel-denim den eine dagen. Er man i USA, så._MG_8986_MG_9052Mads overtalte oss til å ete lunsj på Katz. Det var ganske spesielt, akkurat så spesielt som det ser ut. Loff og kjøtt._MG_9063_MG_9061_MG_9074_MG_9090_MG_9211_MG_9103_MG_9124Den siste dagen møtte eg Benedikte, som tilfeldigvis hadde flytta til New York dagen før. Så rart å finne kvarandre på andre sida av havet._MG_9134_MG_9138_MG_9156_MG_9183_MG_9194Eg likte at det kjentes som om New York er alle sin by, ikkje berre ei smal gruppe menneske, men alle, tilogmed oss. Det var veldig overveldande, eg var heilt utslitt når eg kom heim, berre det å sitte på ein kafé og lese bok var så inntrykksfullt; samtalen på nabobordet, småpraten eg hadde med servitøren, lydar frå gata utenfor. Eg likar åpenheten, at om man vil kan man komme i prat med kven som helst, men samtidig elskar eg roen og rommet eg har rundt meg heime. Den eine dagen prøvde eg å ta det ganske med ro, jogge litt i Central Park, ete lang frukost, lese litt, men endte likevel opp med å rase rundt over heile Manhattan. Det var liksom umulig å ikkje ta del i byen.