Eit vårbarn

_MG_1905_MG_2137Eg fekk ta gravidbilder av Andi som ventar barn til våren. Andi er fotograf sjølv, så eg takka ja til oppdraget med ærefrykt. Først foreslo eg å finne eit fint innemiljø, pga vinter, men Andi syns det var fint å ta bilder ute for å hugse ting som dei var. Og ved havet pga vestlending._MG_2457_MG_2413_MG_2563Sjå så fin! I kjole frå 40-tallet og vintagecape. Finaste gravidstilen eg har sett.

Nr. 2

_MG_0459_MG_0444_MG_0399_MG_0387Fantastiske Lena kom til studio ein dag for å dokumentere gravidmage nummer 2. Me tok bilder av magen hennar for to år sidan også, då vesle Laura låg i den. For eit par veker sidan var me ein gjeng ute og åt lunsj, både Laura og Elsa var med. Til neste år dukkar det opp ennå fleire små til å sitte rundt bordet. Det er så spennande, me må ha eit helsikkes langbord tilslutt.

Ei uværshistorie om amming

I går leste eg den fine saka til Sigrid om amming. Den fekk tårene til å renne heilt ukontrollert, sjølv om eg var midt i morgonrushet. For meg vart møtet med amming ei perfekt storm. Den første natta med Elsa måtte Henrik reise heim frå sjukehuset. Me låg på eit tomannsrom med ein annan mamma og ein baby. Eg var livredd for å vekke dei, Elsa var lys våken og klar for denne verda. Ho ville amme heile tida, eg hadde ikkje sove på 48 timar og amma så godt eg kunne. Denne natta fekk eg vonde sår på begge brystvorter, som var starten på smertehelvetet som skulle komme.Morgonen etter kom jordmora som skulle lære meg å amme. Ho brukte ca. tre minuttar på å lære meg kva eg gjorde feil. Eg følte meg dum som hadde amma feil heile natta og fått desse vonde såra.Heime frå sjukehuset blei såra verre og verre. Eg gjekk til helsestasjonen for å få hjelp, dei sa alt såg bra ut med teknikken. Kvar gong eg la Elsa til brystet kjentes dei som om eg fekk tusen små papirkutt på brystvortene. Eg skjønte at noko ikkje stemte, og kjente meg ganske sikker på at eg hadde fått soppinfeksjon i såra. Då eg ringte til helsestasjonen igjen gav dei meg eit kjerringråd.Då Elsa var tre veker var såra ennå ikkje grodd. Eg var utslitt over å ha smerter kvar einaste dag, når eg egentlig berre ville kose meg med babyen min. Det er ein heilt spesiell form for tortur når babyen din som du elskar indirekte gir deg uuthaldelige smerter kvar gong den er sulten.Så kom feberen. Eg mistenkte brystbetennelse, og pumpa ut melk annakvar time, heile natta. På morgonen besvimte eg av utmattelse ved kjøkkenbordet. På legevakta sjekka dei meg for slag, epilepsi og blodtrykk. Dei sa eg sannsynligvis hadde influensa, og dette svaret tok eg for gitt. Feberen steig, eg hugsar berre små glimt frå dei dagane. Etter fire dagar med feber blei eg henta i ambulanse. På sjukehuset sjekka dei meg for alt mulig. Eg spurte legen om ho trudde det kunne være brystbetennelse. - Isåfall er ikkje det noko me behandlar no, sa ho. Eg har tenkt mykje på det svaret i ettertid og lurt litt på kva som egentlig skjedde.Eg hadde ingen av dei typiske tegna på brystbetennelse. Blodprøvane var fine. Det var kun feberen. Heilt til morgonen etter eg hadde vore på sjukehuset. Då våkna eg med rødt, hardt og verkande bryst. Me reiste rett til legevakta, igjen. Dei ville ikkje gi meg antibiotika, noko eg fullt ut støttar, men i mitt tilfelle var det dessverre feil. Dei gav meg nasesprayen Syntocinon og ba meg pumpe ut melk kvar time i eitt døgn. Slik holdt eg på i to dagar. Feberen herja, og eg fekk aldri sove. Henrik var fortvila, og ringte desperat til helsestasjonen. På dette tidspunktet hadde eg liksom gitt opp. Eg var berre ein kropp med feber. Helsestajonen ba meg om å komme, men eg orka ikkje å bli avvist av helsepersonell ein gong til. Henrik fekk tilslutt pakka meg og Elsa inn i bilen. Eg klarte såvidt å sitte oppreist på ein stol, armane mine var for svake til å halde Elsa. På helsestasjonen skjedde det som redda heile barseltida vår. Me fekk hjelp. Me blei sett av ei helsesøster som sa: No skal dykk få hjelp, heilt til vegs ende. No skal dykk få oppfølging heilt til alt blir bra.Den setninga var så god å høyre. Det var det finaste nokon hadde sagt til meg, og den var heilt sann. Helsesøster tok ein melkeprøve av melka mi og fekk bekrefta at eg hadde ein bakteriell infeksjon. Betennelsen hadde vore så innkapsla at den ikkje hadde slått ut på dei første blodprøvane. Ein slik brystbetennelse må ha antibiotika, noko eg fekk på dagen. I ettertid har eg fått vite at dei var redd for at eg var i ferd med å få blodforgiftning eller abscess. Heldigvis forsvann feberen samme natt.Såra grodde, soppinfeksjonen fekk behandling og brystbetennelsen kom aldri tilbake. Etter ti veker var eg heilt kvitt alle komplikasjonar. Me fekk gå i samtaleterapi hos helsestasjonen for å snakke om det me hadde vore gjennom. Eg var ganske lei meg for å ha mista mykje av den første tida med Elsa. Samtidig var eg så takknemlig over å få kvardagen tilbake og å berre få være mamma. Elsa var så fin, og hadde fulgt med i vogna si til både legevakt og sjukehus utan å kreve noko som helst. Amminga har gått kjempefint sidan, og permisjonstida mi endte med å bli heilt fantastisk.Eg har tenkt ein del på om dette kunne vore unngått om eg hadde fått hjelp til amming samme dag som eg fødte. Om helsepersonell eg møtte i ettertid hadde hatt grunnleggande kunnskap om amming ville det også avverga mykje. Dette blei veldig langt, men eg ville gjerne komme med ein kommentar til saka over. Og om fleire får vite at det alltid fins hjelp er ingenting bedre enn det.

Gravidfotografering

_MG_3619Tok bilder av denne duggfriske mammaen. Tenk å være så blid og fin på slutten av eit svangerskap. På samme tidspunkt var eg konstant bekymra for babyen og ville helst være åleine. Hadde vanskelig for å sove og var så skjør for kommentarar om fødsel og kropp. Om eg får oppleve fleire svangerskap skal eg være føre var og fylle dei siste vekene med ting som å ta bilder av magen._MG_3260_MG_3219_MG_2948_MG_3087_MG_3518Og fire dagar etter dette kom den vesle. Eg er så heldig at eg får fotografere han også. Så rart og spennande og få være med på så nære ting.

Å dele permisjon

_MG_0940Frå midten av august begynnar eg å jobbe fullt. Eg skal ha ein så mjuk overgang som mulig og ha ammefri, men ikkje lenger motta foreldrepengar. Då er Elsa 6 mnd. Det er eit privilegium å få være med barnet sitt kvar dag, og eg vil at Henrik også skal få den opplevelsen. Eg er nok ikkje ein av dei som meinar at permisjonen burde delast 50/50. Den fysiske belastninga ligg kun på kvinna, både svangerskap, fødsel og amming er tungt. Det er fantastisk også, men det ein langvarig okkupasjon av kroppen. Samtidig er det gunstig for heile samfunnet at menn tar ut meir permisjon enn dei tildelte ti vekene. Det likestiller menn og kvinner i arbeidsmarknaden og ein blir meir likestilt i heimen. Feministen i meg vil at Elsa skal vokse opp i ein familie der både mamma og pappa er omsorgspersonar. Den samme feministen vil også kvinner skal få lov til å bære barn uten å at det skal straffe seg i arbeidsmarknaden. Vanskelig, ikkje sant? Det blir uansett ei slags felle. Sjølv om eg ikkje gløymer kor god permisjonsordninga egentlig er. Det er eg takksam for. Me har hatt det så fint kvar einaste dag. Det er det beste som har hendt meg. No er eg klar for å gi ansvaret over til Henrik. Eg elskar å sjå dei to saman. Heldigvis har eg spart opp nokre permisjonsveker til vinteren å sjå fram til. Då ender eg opp med 7 mnd i mammaperm medan Henrik får 5 mnd i pappaperm. Eg får mest, men Henrik får mykje. Eg hadde eit fint svangerskap, og har fått overskuddet tilbake ganske fort. Elsa har vore ein enkel baby, som begynte å sove heile natta frå ganske tidleg. Det har vore viktig for meg at eg har fått bestemme sjølv. Å få kjenne på eigne behov og være så raus eg kan deretter. Eg meinar at kvinna alltid har siste ord i deling av permisjon, det går ikkje an å presse seg tilbake til jobb om kroppen og sinnet ikkje har fått lege, eller om ein ikkje har fått meir ein to timar samanhengande søvn på fleire mnd. Uansett kor lang tid det tar er alle mødre supermenneske. Gro liv, vandre litt i dødens dal under fødselen, produsere næring til det nye livet for så å gå tilbake på kontoret som om ingenting. Det er kraft.

Baby Elsa

_MG_3384_MG_3372_MG_3474_MG_3414Elsa kom på morsdag og valentinerdagen, akkurat som eg hadde tippa. Fødselen var lang og slitsom, starta veldig dårlig og endte heilt fantastisk. Heldigvis fekk eg ei jordmor som såg meg, og skjønte at eg måtte ha smertelindring då eg ikkje var i stand til å be om det sjølv. Er så stolt over meg sjølv etter den fødselen, eg var så sterk. Om eg nokon gong skal føde barn igjen veit eg akkurat kva eg treng og kva eg skal gjere, det er ein skikkelig bra følelse. Den første natta var eg åleine med babyen på barsel, det var heilt feil at Henrik og eg måtte være borte frå kvarandre den natta me fekk barn. Sørgelig at ein sparar skattepengar på den måten, men resten av svangerskapsomsorgen har vore fantastisk. Jordmora mi kom inn til meg då eg låg med ein lys våken nyfødt som trengte meg og alt eg ville var å få sove. Ho strøyk meg på kinnet og lot meg få snakke litt om fødselen, det var eit så fint øyeblikk.Elsa er ein lykkelig og deilig baby, sjølv om eg har henne på meg 24 timar i døgnet klarar eg ikkje å slutte å sjå på det gode fjeset. Det har vore kjempetøft å komme i gang med amming, men når eg ser kor godt det gjer henne får eg motivasjon til å holde ut. Då me veide henne sist jubla eg som om eg hadde vunne i Lotto. No har eg heldigvis klart å feilsøke problemet og får riktig behandling. Henrik har gjort alt for meg sidan me kom heim, passa på at eg får i meg mat og får kvile innimellom. Me ler og griner om kvarandre, tek high fives i senga når me får Elsa til å sovne søtt ved morgongry. Før fødselen snakka jordmor om kaoset som ville oppstå i starten, eg kan tydelig hugse eg sa til Henrik at ikkje heilt skjønte kva slags kaos ho meinte. Det skjønnar me no, og me har ledd litt av at me trudde me skulle sleppe unna våkennetter og utrøstelig baby. Me rekk ikkje fylle vatn på tulipanane, no er all fokus på å nyte kvarandre.Eg har djup respekt for alle mødre der ute. Kjenner meg så kul som får være ein del av den gjengen.