Nikon FM2

Roskilde Festival 2008Ein kveld var eg og Henrik oppe på loftet og henta dei analoge fotoapparatene mine. Tenk at dei må stå der oppe. Kvart år bestemmer eg meg for å fotografere meir analogt, men det blir liksom aldri. Tempoet passar ikkje lenger. I år hadde eg mange nyttårsfortsett, små ting som å trene blablabla. Og fotografere analogt. Få dagar etter var alt gløymt, plutselig var eg pårørande til nokon med kreft. Eg som hadde full kontroll over 2018. Det blir vanskelig å skrive uten å nevne det, for det fargar alt. Dagane er grusomme, men ein kan jo håpe at dei verste er over. Kanskje fleire av dei som les dette står i det samme. Forstår ikkje korleis andre orkar å sjå sine næraste lide. Antar at dei ikkje orkar det, dei heller. Når eg seier at dagane er grusomme betyr ikkje det at det ikkje er fine ting der. Det var fint å finne fram den gamle Nikon FM2'en. I dag var det fint å sitte heilt stille ved kjøkkenbordet og drikke Biola med Elsa. Fylle opp glassene så mange gongar me ville.

Vigsle ved fjorden

0262Eg lova bort bryllupsbonanza på bloggen, her kjem første del! I alle bryllup er det ofte ein del av dagen som blir litt ekstra minneverdig, og i dette bryllupet var det definitivt vigsla. Det regna før vigsla, og fem minuttar etter brudeparet sa ja var regnet tilbake. Ei kvit tåke la seg over fjorden, som gav alle bildene eit magisk lys. Som fotograf er utendørs vigsle det eg er mest takksam for av alt. Det gir meg masse meir frihet og eg føler meg mykje mindre som elefant i glasshus. Ikkje minst kan brudeparet sjølv ta regi på korleis dei vil ha ting, som å velge å sitje nært kvarandre. Det er små, små detaljar som løftar det heile frå standard rituale til storslagen romantikk. Vil anbefale alle fotointeresserte brudepar å ha utendørs vigsle, nesten uansett. Syns dette brudeparet var beintøffe som hoppa i det dei femten minuttane det var opplett, ikkje minst brura som vart rodd til alters. Dei holdt kvarandre i hendene nesten heile dagen og hadde alle kjenslene utanpå. Det er faktisk ikkje verdas enklaste ting, ein kan lett gløyme kvarandre i nerver og organisering. Eg applauderar dei for å behalde roen og tillate seg sjølv å være spontane! Bryllupet varte ei heil helg, kanskje det var litt av nøkkelen, det var god tid til alt og alle. Det er jo mine topp 3 tips: god tid, masse kos og utendørs vigsle.0021002800490054006200670064007300830089009200950126012801370157015501960199021502300232023302680282031002990302031903210325033703420370035003820392039604490525052905920594

Ein heilt ny familie

_MG_0988Ein heilt ny familie, berre ti dagar unge. Å få ta bilder av nyfødte er det finaste eg veit. Er aldri nervøs for det, det er berre spennande og stort. Eg får oppleve barseltid på ein heilt anna måte, mi eiga barseltid var prega av såre brystvorter, brystbetennelse, legevakt, ambulanse, sjukehus. Skulle nesten ønske eg hadde booka fotograf den veka som var verst, for det kunne blitt ein ganske bra fotoserie. Men når eg får kikke litt inn i det universet som oppstår hos ein nyfødt familie ordnar det seg alltid litt. Eg blir påmint råskapen og sårbarheten i dei første vekene og kor glad eg er for å ha opplevd det. Og at nyfødte babyar er det aller beste som fins. Då eg redigerte desse bildene tenkte eg ein del på kroppspråket til foreldra, det er så masse kjærleik i det. Fint at babyen får ha desse bildene i framtida og sjå kor fine dei er med kvarandre._MG_1010_MG_1028_MG_1048_MG_1078_MG_1081_MG_1184_MG_1174_MG_1457_MG_1562_MG_1638_MG_1716_MG_1857_MG_1862_MG_1891_MG_1911_MG_1947

I want to be with you everywhere

_MG_6072Dette bryllupet MÅ eg vise! Sjå så fine dei er! Dette bryllupet var ekstremt godt planlagt, samtidig som brudeparet var veldig avslappa og hadde masse tid til å berre være forelska. Eg var mektig imponert, då dei bur på kvar sitt kontinent. Kanskje det er trikset? Tips: tilbring året før bryllupet på ulike kontinent, då får du best stemning på bryllupsdagen. Me tok brudebilder tidleg på dagen, før vigsla og hadde ganske god tid å reise mellom ulike loactions. Brudeparet hadde valgt ut fleire plassar som betydde noko for dei til bildene. Med kanelboller i veska gjekk det faktisk heilt fint å farte rundt, minus ei lita tå som fekk gnagsår. Lurar litt på om eg skal begynne å tvinge alle brudepar til å ta bilder før viglse og middag, det er så befriande å ha god tid! Begge hadde brudekjolar frå Gaggu Vintage, i år har nitti prosent av alle brudane mine fått sydd kjole der, eller fått tilpassa kjole der. Virkar som om Hedvig (hjernen bak Gaggu) har dekka eit behov hos norske brudar. Vigsla og festen var på Ingensteds, håpar eg få ta bilder der fleire gongar. Bra lys, fint ute og ingen krise dersom regn. I tillegg hadde dei tilfeldigvis booka koret mitt (verdens beste) Akerselva Kvinnekor til å synge Fleetwood Mac og Donna Lewis. Eg nynna litt bak kamera. Men, over til bildene:_MG_6039_MG_6069_MG_6117_MG_6148_MG_6103_MG_6188_MG_6278_MG_6338_MG_6456_MG_6464_MG_6526_MG_6553_MG_6566_MG_6677_MG_6691_MG_6819_MG_6857_MG_6954_MG_6931_MG_6963_MG_6984_MG_6975_MG_7012_MG_7038_MG_7067_MG_7074_MG_7208_MG_7453_MG_7468_MG_7297_MG_7388_MG_7521_MG_7854_MG_7955_MG_8209_MG_8203_MG_8252_MG_8428_MG_8289_MG_8531_MG_8731_MG_8736_MG_8956_MG_9252_MG_9286_MG_8610

Eit klassisk Oslobryllup

Hmm, eg har ganske mange fine bilder frå i vår og sommar eg ikkje har orka å kuratere for bloggen. Men bryllup er alltid lett å flette inn blant kvardagsbildene, så tenkte eg skulle vise litt av det framover. Blir skikkelig inspirert av alle årets brudepar, dei er så forskjellige og overraskar meg stadig. Dette paret gifta seg på Tinghuset, med kun forlovarar og paret som introduserte dei i rommet. Ingen stor greie, men etterfulgt av ei skikkelig bryllupsreise. Enkelt, elegant og veldig gøy! Me gjekk innom Nasjonalgalleriet for å ta brudebilder (og så klart eit cheesy Munchbilde). Etterpå kidnappa eg brudeparet med meg til Slottsparken før dei forsvant avgårde til bryllupsmiddag på restaurant._MG_5100_MG_5108_MG_5207_MG_5229_MG_5261_MG_5299_MG_5301_MG_5331_MG_5474_MG_5458_MG_5513_MG_5542_MG_5559_MG_6244_MG_5931_MG_5661_MG_6142_MG_6148_MG_6277_MG_6279_MG_6281_MG_6525_MG_6371_MG_6334

Nora Eide

_MG_5247_MG_5258_MG_5050I dag skal eg lese på slippfesten for Nora Eide si bok "Familien din". Info her! Tok forfattarportrett av ho i vinter, og eg syns dei vart skikkelig fine. Tenker på Elsa i Frost når eg ser dei.Kanskje me sjåast i kveld?