Kvinnefelle og nye sko

_MG_7279Elsa fekk sine første sko nettop. Eg blir heilt øm av å sjå på dei. Lille venn.I dag har eg fått bilder av Elsa som kosar seg glugg med farfaren sin. Eg har vore på biblioteket og fått gjort masse. Og tenker at takk gud for at eg ikkje er Elsas einaste omsorgsperson:Har fulgt litt med frå sidelinja på debatten som vart utløyst av denne saka. Eg blir så lei av at mødre må bære heile verda på sine skuldre. Eg syns denne polariserte debatten er kvinnefiendtlig, for kven skal kunne være heime med barn til 2-3 årsalderen og samtidig ha eit varig yrkesliv og egen inntekt? Kva med kvinner som er sjølvstendig næringsdrivande, som er midt oppi ei utdanning, eller som har ein jobb ingen andre kan overta? Kva med dei som får fleire barn? Eg orkar ikkje å høyre meir om at ein må verdsette omsorgsarbeid så lenge omsorgsarbeid faktisk ikkje er verdsatt i dei heile tatt.Denne vinteren har eg stått midt oppi sjølvaste kvinnefella. Permisjonen er over, mannen min tjenar meir enn meg. Ingen barnehageplass før hovudopptaket i august. Eg har Elsa på dagtid, og jobbar når eg kan i helger, kveldar og når fantastiske besteforeldre kan passe. Eg har vel fulgt ei oppskrift på stress når eg ser tilbake på vinteren. Og er så forbanna på at kvinner må stå klemt mellom å måtte være den viktigaste omsorgspersonen og yrkesaktive mødre. Det går ikkje opp!Det som irriterar meg mest er den evige nedvurderinga av far og andre nære omsorgspersonar. Det einaste som har fått dette puslespelet til å gå opp er jo far. For det som faktisk fungerar er at me løyser det som ein familie. At Henrik er like viktig som meg for Elsa. Det er det einaste som gjer at me klarar å fylle inn dette vakuumet mellom permisjonstid og barnehage. Eg skulle ønske det var ein debatt om å bedre familiepolitikken, ikkje om kven som er best av mor og far. Og ikkje om kor dårlig gjort det er å sende 1-åringar i barnehage når det ikkje fins så mange andre alternativ.  

Nasty woman

_MG_0469_MG_0467_MG_0466_MG_0463_MG_0459_MG_0457_MG_0447Ein morgon i Botanisk Hage, då eg var tidleg ute til avtalen min og ikkje klarte å vente med å ta fram kamera.Eg tok ein Kim Kardashian og la bloggen i brakk då januar rulla avgårde. Har lagt meg tidleg, lest Arv&Miljø, rydda i sokkeskuffen, sett ferdig The Fall og møtt venner. Eg er litt spent på det kommande halvåret. Eg trur ikkje Elsa får barnehageplass før august og det er heilt ok. Håpar eg kan jobbe mest mulig, men få mange fine vårdagar med Elsa. Den første veka i året vart kjempestressande og då måtte eg og Henrik legge ein slagplan for denne mellomperioden.Men, drit i det. Eg vil snakke om The Fall! Eg har tenkt så masse på det, det burde være pensum. Stella Gibson er den finaste karakteren eg har sett. Empatisk, feminist, kåt, følsom og smart. Ho får lov til å være heil, ikkje "sterk kvinne-karakteren" eller "heit heltinne". Men alt! Eg elskar alt ho har på seg i serien og omtrent kvar einaste setning ho seier. Spesielt denne setningen:Men always think in terms of fight or flight. In fact, the most common instinct in the face of this kind of threat is to freeze. If she didn't fight, if she didn't scream, if she was silent and numb, it's because she was petrified. If she went with him quietly, it's because she was afraid for her life. And not just her life, yours, and Nancy's, and the baby's. In that state of fear, she might well have been compliant, she might well have submitted. But that does not mean she consented.Eg vil skrive den over døra til alle rettssalar i verda. Og denne:A woman, I forget who, once asked a male friend why men felt threatened by women. He replied that they were afraid that women might laugh at them. When she asked a group of women why women felt threatened by men. they said, We're afraid they might kill us.Heile serien var ganske mørk, men dessverre ikkje mørkare enn verda akkurat no. Kanskje spesielt som mammaen til eit barn er det ein tung serie å komme gjennom, men desto viktigare. Og det var godt å sjå ein serie der voldtekt ikkje berre er underhaldning, der man stoppar opp ved kvart einaste offer og talte deira historie. Måten dei brukte navnet og ansiktet til offeret om og om igjen. Ein viktig og sjelden detalj. Sjå den. 

Jul og emosjonelt arbeid

_MG_7616Eg har uttalar meg om likestilling og jul i dagens D2. Syns det blei ein fin sak. Då journalisten først kontakta meg var eg redd det skulle være ein sak om kvinner som hysteriske julemonster. For eg syns kvinner skal belønnast for at dei fører tradisjonar vidare og tar emosjonelt ansvar. Eg blir sint når ein latterleggjer tradisjonelle kvinneoppgåver, og eg må innrømme at eg blir litt irritert av ein uttalelse i saka om at "for å være en god mor må du lage en god jul." Kva med far? Og er heilt enig i siste ord "vi lager jo ikke jul med tissen." Kan lesast her.

Den farlige fargen

_MG_1848Eg må få lest denne boka no. Rosa er den farligaste fargen av alle. Spesielt når man får ei dotter. Eg kler gjerne Elsa i rosa. Eg kler henne gjerne i alle fargar. Barn likar fargar, også rosa. Eg syns det er fascinerande at ein farge i seg sjølv kan provosere, det er så mange som poengterar kor viktig det er å unngå fargen rosa. Ingen snakkar om å unngå blått. Så er det dei som beklagar seg over å gi rosa presangar. Skammar seg litt. Fyyy! Eg beklagar meg også når eg kjem rullande med rosa kalesje på vogna. "Den er kjøpt brukt altså, hvis ikkje hadde eg valgt ein annan farge". Enn så lenge kjem eg billig unna, tenk om ein eventuell veslebror skal ha vogna i framtida. Då begynnar fargen å bli virkelig farlig.Eg kan legge til at eg syns det er ufattelig kjedelig overvekta av rosa/blått i barnebutikkar. Snork. Det berre irriterar med grenselaust at den "feminine" fargen alltid skal unngås og helst skal ein skamme seg litt over den. Det er eit ørlite symptom på patriarkatet, og eg blir påminna det kvar gong eg unnskyldar den rosa kalesjen.

Fritt vilt

Kor ille må ting bli før ein valdtektsmann blir dømt? Kven orkar å gå gjennom tre rettsaker på to år for så å oppleve at gjerningsmannen blir frikjent? Kva slags signal sender dette til døtrene våre? Kva slags signal sender dette til sønene våre? At kvinner er fritt vilt. At dette aldri blir bedre. "Men ikkje alle menn voldtar då, tenk på alle menna som blir generalisert!" Dette angår alle kvinner, kvar einaste dag. Eg har aldri på meg høge hælar på byen om eg veit at eg skal gå å åleine heim etterpå. Ein må jo være i stand til å springe. Eg har brukt tusenvis av kroner på taxi for å sleppe å gå åleine heim. Eg har også opplevd å bli verbalt seksuelt trakassert av ein taxisjåfør. Eg går alltid med telefonen kvar i venstre hånd og nøklane i høgre når eg begynnar å nærme meg døra. Ikkje bevisst, eg går på autopilot no. Det har eg gjort i mange år. Kvar dag. Sikkert sidan eg var tretten år. Mannen min tek gjerne ein joggetur i nabolaget etter det blir mørkt, det gjer ikkje eg. Dette er ikkje mine reglar. Dette er reglane eg og venninne mine har lært av samfunnet. Det samfunnet som seier "gå forsiktig heim!". Pass på deg sjølv, for ingen andre kjem til å gjere det dersom det skulle skje noko. Men herregud, kva hjelp desse forhåndsreglane kvinner tek i det offentlege rom når ein veit at dei fleste valdtekter skjer i ein nær relasjon. Du kan aldri være trygg! Dette er ikkje eit kvinneproblem. Dette er eit stort fuckings jævla mannsproblem. Men åh, tenk på alle menn som blir generalisert. Stakkars dei.

Å dele permisjon

_MG_0940Frå midten av august begynnar eg å jobbe fullt. Eg skal ha ein så mjuk overgang som mulig og ha ammefri, men ikkje lenger motta foreldrepengar. Då er Elsa 6 mnd. Det er eit privilegium å få være med barnet sitt kvar dag, og eg vil at Henrik også skal få den opplevelsen. Eg er nok ikkje ein av dei som meinar at permisjonen burde delast 50/50. Den fysiske belastninga ligg kun på kvinna, både svangerskap, fødsel og amming er tungt. Det er fantastisk også, men det ein langvarig okkupasjon av kroppen. Samtidig er det gunstig for heile samfunnet at menn tar ut meir permisjon enn dei tildelte ti vekene. Det likestiller menn og kvinner i arbeidsmarknaden og ein blir meir likestilt i heimen. Feministen i meg vil at Elsa skal vokse opp i ein familie der både mamma og pappa er omsorgspersonar. Den samme feministen vil også kvinner skal få lov til å bære barn uten å at det skal straffe seg i arbeidsmarknaden. Vanskelig, ikkje sant? Det blir uansett ei slags felle. Sjølv om eg ikkje gløymer kor god permisjonsordninga egentlig er. Det er eg takksam for. Me har hatt det så fint kvar einaste dag. Det er det beste som har hendt meg. No er eg klar for å gi ansvaret over til Henrik. Eg elskar å sjå dei to saman. Heldigvis har eg spart opp nokre permisjonsveker til vinteren å sjå fram til. Då ender eg opp med 7 mnd i mammaperm medan Henrik får 5 mnd i pappaperm. Eg får mest, men Henrik får mykje. Eg hadde eit fint svangerskap, og har fått overskuddet tilbake ganske fort. Elsa har vore ein enkel baby, som begynte å sove heile natta frå ganske tidleg. Det har vore viktig for meg at eg har fått bestemme sjølv. Å få kjenne på eigne behov og være så raus eg kan deretter. Eg meinar at kvinna alltid har siste ord i deling av permisjon, det går ikkje an å presse seg tilbake til jobb om kroppen og sinnet ikkje har fått lege, eller om ein ikkje har fått meir ein to timar samanhengande søvn på fleire mnd. Uansett kor lang tid det tar er alle mødre supermenneske. Gro liv, vandre litt i dødens dal under fødselen, produsere næring til det nye livet for så å gå tilbake på kontoret som om ingenting. Det er kraft.