Vigsle ved fjorden

0262Eg lova bort bryllupsbonanza på bloggen, her kjem første del! I alle bryllup er det ofte ein del av dagen som blir litt ekstra minneverdig, og i dette bryllupet var det definitivt vigsla. Det regna før vigsla, og fem minuttar etter brudeparet sa ja var regnet tilbake. Ei kvit tåke la seg over fjorden, som gav alle bildene eit magisk lys. Som fotograf er utendørs vigsle det eg er mest takksam for av alt. Det gir meg masse meir frihet og eg føler meg mykje mindre som elefant i glasshus. Ikkje minst kan brudeparet sjølv ta regi på korleis dei vil ha ting, som å velge å sitje nært kvarandre. Det er små, små detaljar som løftar det heile frå standard rituale til storslagen romantikk. Vil anbefale alle fotointeresserte brudepar å ha utendørs vigsle, nesten uansett. Syns dette brudeparet var beintøffe som hoppa i det dei femten minuttane det var opplett, ikkje minst brura som vart rodd til alters. Dei holdt kvarandre i hendene nesten heile dagen og hadde alle kjenslene utanpå. Det er faktisk ikkje verdas enklaste ting, ein kan lett gløyme kvarandre i nerver og organisering. Eg applauderar dei for å behalde roen og tillate seg sjølv å være spontane! Bryllupet varte ei heil helg, kanskje det var litt av nøkkelen, det var god tid til alt og alle. Det er jo mine topp 3 tips: god tid, masse kos og utendørs vigsle.0021002800490054006200670064007300830089009200950126012801370157015501960199021502300232023302680282031002990302031903210325033703420370035003820392039604490525052905920594

Slørsuksess i Slottsparken

_MG_0364I sommar møtte eg dette brudeparet i Dronningens Hage for å ta brudebilder. Fin plass å ta bilder dersom ein ikkje vil ut av byen, men ta bilder i det grønne. Veit ikkje kvifor det er så lite folk der, kanskje fordi det virkar stengt? Litt japanske turistar tuslar rundt, men ikkje så mange. Bruden var så fin, med blå sandalar, skreddarsydd kjole og varme fargar i buketten. Anar ein trend med varme, litt snåle bukettar, etter mange år med fredelege eucalyptusbukettar. Eg fekk ei openbaring under denne fotograferinga, som var at skal det være slør må det være masse slør, og det må ikkje henge ned i bakken. Brannfakkel: Syns lange slør som festast med kam bak i sveisen skapar mykje bry under fotograferinga, kammen ødelegger ofte frisyren og folk tråkkar alltid på sløret. Ikkje minst syns det ikkje på bildene når det henger bak som ein plagsom myggnetting. Sånn. Men dette sløret var kort, definert og passa perfekt til den enkle kjolen. Likar også veldig godt korte 60-tallsslør eller slør type Jackie Kennedy. Eller Audrey Hepburn i Funny Face._MG_0343_MG_0321_MG_0234_MG_0209_MG_9672_MG_9578_MG_0584_MG_9573_MG_9586_MG_0486_MG_0547_MG_0514_MG_9701_MG_9726_MG_9731_MG_9870_MG_9900_MG_9804_MG_9814_MG_9957_MG_9932_MG_9936_MG_0646_MG_0601_MG_0636Brudeparet var veldig fine med kvarandre, dei hadde så mange subtile kjærteikn seg imellom. Eg ser jo alt bakom kameraet mitt, eg ser dei som held fram med å kysse når eg tek ned kameraet og dei som ikkje slepp kvarandre i det heile tatt under fotograferinga. Etter ei slik fotografering kan eg være heilt fylt av energi, tenk at det fins så masse forelska folk! Og mange fine folk. Spesielt på lange bryllupsfotografering får eg sett så mange nyansar av eit menneske, korleis dei er med foreldra sine, med vennene sine, når kun partnaren er til stades. Eg får sjå folk utan klede, folk som er stressa, euforiske og veldig sårbare. Eg klarar framleis ikkje sette fingeren på kvifor folk giftar seg, historisk sett har det vore ein patriarkalsk idé, eg kom over ein ekteskapslov frå 1765 ein dag, høyr her: "By marriage, the husband and wife are one person in law: that is, the very being or legal existence of the woman is suspended during the marriage, or at least is incorporated and consolidated into that of the husband." Er ikkje det den mest skremmande setningen om ekteskap du har høyrt? Den finaste teksten eg har høyrt om ekteskap er nok den dei brukar på Tinghuset, den er så alvorlig og inkluderande, utdrag:"Det å love hverandre kjærlighet for resten av livet, er det vanskeligste løfte vi kan gi et menneske.Det krever at dere setter dere høye mål for samlivet, og det krever deres oppriktigevilje til å strekke dere mot disse målene, i dag og i tiden som ligger foran."Syns det er næraste eg kjem ein slags forståelse for kva denne tradisjonen går ut på. Og når eg tenker tilbake på mitt og Henrik sitt bryllup er vigsla det første eg tenker på. Det tok meg med storm, det var eit favorittøyeblikk i livet. I dei minuttane tenkte eg ikkje på alt som kom før og alt som skulle komme etter, eg tenkte berre på at Henrik stod der og ville det samme som meg og kor deilig det var. Ok, no sklei det litt ut her med rant om slør og spørsmål om ekteskapstradisjonen. Takk for meg!

I want to be with you everywhere

_MG_6072Dette bryllupet MÅ eg vise! Sjå så fine dei er! Dette bryllupet var ekstremt godt planlagt, samtidig som brudeparet var veldig avslappa og hadde masse tid til å berre være forelska. Eg var mektig imponert, då dei bur på kvar sitt kontinent. Kanskje det er trikset? Tips: tilbring året før bryllupet på ulike kontinent, då får du best stemning på bryllupsdagen. Me tok brudebilder tidleg på dagen, før vigsla og hadde ganske god tid å reise mellom ulike loactions. Brudeparet hadde valgt ut fleire plassar som betydde noko for dei til bildene. Med kanelboller i veska gjekk det faktisk heilt fint å farte rundt, minus ei lita tå som fekk gnagsår. Lurar litt på om eg skal begynne å tvinge alle brudepar til å ta bilder før viglse og middag, det er så befriande å ha god tid! Begge hadde brudekjolar frå Gaggu Vintage, i år har nitti prosent av alle brudane mine fått sydd kjole der, eller fått tilpassa kjole der. Virkar som om Hedvig (hjernen bak Gaggu) har dekka eit behov hos norske brudar. Vigsla og festen var på Ingensteds, håpar eg få ta bilder der fleire gongar. Bra lys, fint ute og ingen krise dersom regn. I tillegg hadde dei tilfeldigvis booka koret mitt (verdens beste) Akerselva Kvinnekor til å synge Fleetwood Mac og Donna Lewis. Eg nynna litt bak kamera. Men, over til bildene:_MG_6039_MG_6069_MG_6117_MG_6148_MG_6103_MG_6188_MG_6278_MG_6338_MG_6456_MG_6464_MG_6526_MG_6553_MG_6566_MG_6677_MG_6691_MG_6819_MG_6857_MG_6954_MG_6931_MG_6963_MG_6984_MG_6975_MG_7012_MG_7038_MG_7067_MG_7074_MG_7208_MG_7453_MG_7468_MG_7297_MG_7388_MG_7521_MG_7854_MG_7955_MG_8209_MG_8203_MG_8252_MG_8428_MG_8289_MG_8531_MG_8731_MG_8736_MG_8956_MG_9252_MG_9286_MG_8610

Eit klassisk Oslobryllup

Hmm, eg har ganske mange fine bilder frå i vår og sommar eg ikkje har orka å kuratere for bloggen. Men bryllup er alltid lett å flette inn blant kvardagsbildene, så tenkte eg skulle vise litt av det framover. Blir skikkelig inspirert av alle årets brudepar, dei er så forskjellige og overraskar meg stadig. Dette paret gifta seg på Tinghuset, med kun forlovarar og paret som introduserte dei i rommet. Ingen stor greie, men etterfulgt av ei skikkelig bryllupsreise. Enkelt, elegant og veldig gøy! Me gjekk innom Nasjonalgalleriet for å ta brudebilder (og så klart eit cheesy Munchbilde). Etterpå kidnappa eg brudeparet med meg til Slottsparken før dei forsvant avgårde til bryllupsmiddag på restaurant._MG_5100_MG_5108_MG_5207_MG_5229_MG_5261_MG_5299_MG_5301_MG_5331_MG_5474_MG_5458_MG_5513_MG_5542_MG_5559_MG_6244_MG_5931_MG_5661_MG_6142_MG_6148_MG_6277_MG_6279_MG_6281_MG_6525_MG_6371_MG_6334

Heimebryllup

_MG_7413Eg var i eit bryllup nylig som traff meg veldig. Etter å ha fotografert bryllup i mange år har eg egentlig eit slags ønske om å ta bryllupsgreia litt ned på jorda. Merkar veldig godt at det er ein tendens blant mange av fjorårets og årets bookingar. Fleire par giftar seg på tinghuset og brukar budsjettet på ein bedre restaurant etterpå. I fjor tok eg bilder av eit par der kun eg og ein kollega av bruden var i rommet. (Eg fekk tilogmed være brudgomens vitne, eller forlovar som eg valgte å kalle det.) Brudekjolane er mindre brudete, vintage, billegare eller med enklare snitt. I år blir også det mykje tinghus og meir fokus på fest enn middag. Eg har fleire halvdagsbryllup og korte fotograferingar enn eg hadde for fem år sidan. Dette bryllupet starta som dåp for brudeparets sønn og endte med vigsle heime i stova. Enkelt, vakkert og med masse kjensler._MG_7475_MG_7485_MG_7379_MG_7600_MG_7606_MG_7630_MG_7676_MG_7765_MG_7828_MG_7850_MG_7862_MG_7844_MG_7880_MG_7883_MG_7993_MG_8106_MG_8028_MG_8174_MG_8223_MG_8482_MG_8492_MG_8519_MG_8550_MG_8578_MG_8560Eg var der berre i to timar, men syns likevel at eg rakk å fange masse. Fint å gifte seg i sitt eige hus og ha det som eit felles minne med alle sine næraste. Eg trur egentlig ikkje det er så veldig viktig å gifte seg (så lenge ein har papirarbeidet i orden), men eg trur det er viktig å skape felles minner. Om det er å invitere alle ein kjenner på fiskesuppe eller reise langt, langt bort.

Vinterbryllup

_MG_9473På ein av dei finaste dagane i januar fotograferte eg dette brudeparet. Kan ikkje alle gifte seg på vinteren frå no av, please? Eller la meg være fotograf eller gjest i eit nyttårsbryllup, det har eg så lyst til! Helst gjest, eller begge deler._MG_8157_MG_8278_MG_8400_MG_8456_MG_8619_MG_8653_MG_8661_MG_8686_MG_8713_MG_8819_MG_8829_MG_8950_MG_8954_MG_8960_MG_9148