Ein heilt ny familie

_MG_0988Ein heilt ny familie, berre ti dagar unge. Å få ta bilder av nyfødte er det finaste eg veit. Er aldri nervøs for det, det er berre spennande og stort. Eg får oppleve barseltid på ein heilt anna måte, mi eiga barseltid var prega av såre brystvorter, brystbetennelse, legevakt, ambulanse, sjukehus. Skulle nesten ønske eg hadde booka fotograf den veka som var verst, for det kunne blitt ein ganske bra fotoserie. Men når eg får kikke litt inn i det universet som oppstår hos ein nyfødt familie ordnar det seg alltid litt. Eg blir påmint råskapen og sårbarheten i dei første vekene og kor glad eg er for å ha opplevd det. Og at nyfødte babyar er det aller beste som fins. Då eg redigerte desse bildene tenkte eg ein del på kroppspråket til foreldra, det er så masse kjærleik i det. Fint at babyen får ha desse bildene i framtida og sjå kor fine dei er med kvarandre._MG_1010_MG_1028_MG_1048_MG_1078_MG_1081_MG_1184_MG_1174_MG_1457_MG_1562_MG_1638_MG_1716_MG_1857_MG_1862_MG_1891_MG_1911_MG_1947

Eget rom

_MG_80201. nyttårsdag starta med eit smell! Elsa krabba ut av senga vår, det gjekk heldigvis bra (trur far var den som grein mest). Det fekk fart på ein av våre nyttårsplanar, nemlig å gjere i stand eit barnerom. Me kasta oss rundt, flytta på møblar og sjaua heile formiddagen. No har det gått tre netter og eg saknar å høyre pusten hennar når eg legg meg. Eg veit, det er heilt tullete. Elsa har det fint og skjønte greia ganske fort._MG_8027_MG_8057No gjenstår det å gjere det lunare og henge opp litt bilder. Skal teste med gardiner og eit stort teppe, kaaaanskje male eller tapetsere om det trengs. Og 14. februar får den fine gyngesvanen flytte inn.

Redd barna

_MG_5109_MG_5096I dag våkna eg av dette tøysefjeset som smilte og sa mamma. Ho har sagt det før, men ikkje på samme måte. Kanskje den finaste måten eg har våkna på nokonsinne. Ho fyller ti mnd i dag, i går reiste ho seg opp heilt sjølv for første gong. No har eg delvis mammaperm ut januar, det passar fint i denne mørketida. Må innrømme at første dagen i perm var eit lite slag i fjeset. Eg stod misunnelig i kjøkkenvinduet og såg Henrik tusle avgårde til jobb. Var blitt ganske komfortabel med å være den som drar ut døra om morgonen. Er det lov å sei? Eg sa det ivertfall. Men no, etter ei veke med Elsa hugsar eg kor fint det er å være med ho på dagane. Og kor heldig eg er som får betalt for å være med mitt eige barn. Eg skammar meg over desse priviligerte "problema" mine når eg ser kva som skjer i verda. Må ikkje tenke at eg er makteslaus, eg må tenke at eg er ein av dei som har mulighet til å hjelpe. Her fins er artikkel med heilt konkrete tips til kva ein kan gjere for å hjelpe dei som bur i Aleppo. Eg har støtta Redd Barna.

Pannelugg og gyllent løv

_MG_9441Her står Elsa i sin finaste yogapositur og ser på den gylne bjørka som står utenfor leiligheten._MG_9473_MG_9513Ho blir heilt lyrisk no når det er så mykje fargar og lys ute, og kvar gong me tek henne opp av vogna hyler ho av glede._MG_9541Eg har klippa pannelugg! Kvar haust drømmer eg om ein tung pannelugg under lua, men orkar ikkje ha sovesveis om morgonen. Men i år hadde eg uansett ein liten ammelugg, så då kunne eg like greit kjøre på med den luggen eg alltid har hatt lyst på. Eg hadde jo ein ganske massiv lugg for lenge, lenge sidan. Då i blond versjon. Eg fekk så mange kompliment for den sveisen, sjølv om etsa bort skallen min kvar sjette veke. Glad eg er ute av den loopen._MG_9558_MG_9591Elsa derimot er like skalleper som vanlig, men to små tenner dukka opp for eit par veker sidan.

Ei uværshistorie om amming

I går leste eg den fine saka til Sigrid om amming. Den fekk tårene til å renne heilt ukontrollert, sjølv om eg var midt i morgonrushet. For meg vart møtet med amming ei perfekt storm. Den første natta med Elsa måtte Henrik reise heim frå sjukehuset. Me låg på eit tomannsrom med ein annan mamma og ein baby. Eg var livredd for å vekke dei, Elsa var lys våken og klar for denne verda. Ho ville amme heile tida, eg hadde ikkje sove på 48 timar og amma så godt eg kunne. Denne natta fekk eg vonde sår på begge brystvorter, som var starten på smertehelvetet som skulle komme.Morgonen etter kom jordmora som skulle lære meg å amme. Ho brukte ca. tre minuttar på å lære meg kva eg gjorde feil. Eg følte meg dum som hadde amma feil heile natta og fått desse vonde såra.Heime frå sjukehuset blei såra verre og verre. Eg gjekk til helsestasjonen for å få hjelp, dei sa alt såg bra ut med teknikken. Kvar gong eg la Elsa til brystet kjentes dei som om eg fekk tusen små papirkutt på brystvortene. Eg skjønte at noko ikkje stemte, og kjente meg ganske sikker på at eg hadde fått soppinfeksjon i såra. Då eg ringte til helsestasjonen igjen gav dei meg eit kjerringråd.Då Elsa var tre veker var såra ennå ikkje grodd. Eg var utslitt over å ha smerter kvar einaste dag, når eg egentlig berre ville kose meg med babyen min. Det er ein heilt spesiell form for tortur når babyen din som du elskar indirekte gir deg uuthaldelige smerter kvar gong den er sulten.Så kom feberen. Eg mistenkte brystbetennelse, og pumpa ut melk annakvar time, heile natta. På morgonen besvimte eg av utmattelse ved kjøkkenbordet. På legevakta sjekka dei meg for slag, epilepsi og blodtrykk. Dei sa eg sannsynligvis hadde influensa, og dette svaret tok eg for gitt. Feberen steig, eg hugsar berre små glimt frå dei dagane. Etter fire dagar med feber blei eg henta i ambulanse. På sjukehuset sjekka dei meg for alt mulig. Eg spurte legen om ho trudde det kunne være brystbetennelse. - Isåfall er ikkje det noko me behandlar no, sa ho. Eg har tenkt mykje på det svaret i ettertid og lurt litt på kva som egentlig skjedde.Eg hadde ingen av dei typiske tegna på brystbetennelse. Blodprøvane var fine. Det var kun feberen. Heilt til morgonen etter eg hadde vore på sjukehuset. Då våkna eg med rødt, hardt og verkande bryst. Me reiste rett til legevakta, igjen. Dei ville ikkje gi meg antibiotika, noko eg fullt ut støttar, men i mitt tilfelle var det dessverre feil. Dei gav meg nasesprayen Syntocinon og ba meg pumpe ut melk kvar time i eitt døgn. Slik holdt eg på i to dagar. Feberen herja, og eg fekk aldri sove. Henrik var fortvila, og ringte desperat til helsestasjonen. På dette tidspunktet hadde eg liksom gitt opp. Eg var berre ein kropp med feber. Helsestajonen ba meg om å komme, men eg orka ikkje å bli avvist av helsepersonell ein gong til. Henrik fekk tilslutt pakka meg og Elsa inn i bilen. Eg klarte såvidt å sitte oppreist på ein stol, armane mine var for svake til å halde Elsa. På helsestasjonen skjedde det som redda heile barseltida vår. Me fekk hjelp. Me blei sett av ei helsesøster som sa: No skal dykk få hjelp, heilt til vegs ende. No skal dykk få oppfølging heilt til alt blir bra.Den setninga var så god å høyre. Det var det finaste nokon hadde sagt til meg, og den var heilt sann. Helsesøster tok ein melkeprøve av melka mi og fekk bekrefta at eg hadde ein bakteriell infeksjon. Betennelsen hadde vore så innkapsla at den ikkje hadde slått ut på dei første blodprøvane. Ein slik brystbetennelse må ha antibiotika, noko eg fekk på dagen. I ettertid har eg fått vite at dei var redd for at eg var i ferd med å få blodforgiftning eller abscess. Heldigvis forsvann feberen samme natt.Såra grodde, soppinfeksjonen fekk behandling og brystbetennelsen kom aldri tilbake. Etter ti veker var eg heilt kvitt alle komplikasjonar. Me fekk gå i samtaleterapi hos helsestasjonen for å snakke om det me hadde vore gjennom. Eg var ganske lei meg for å ha mista mykje av den første tida med Elsa. Samtidig var eg så takknemlig over å få kvardagen tilbake og å berre få være mamma. Elsa var så fin, og hadde fulgt med i vogna si til både legevakt og sjukehus utan å kreve noko som helst. Amminga har gått kjempefint sidan, og permisjonstida mi endte med å bli heilt fantastisk.Eg har tenkt ein del på om dette kunne vore unngått om eg hadde fått hjelp til amming samme dag som eg fødte. Om helsepersonell eg møtte i ettertid hadde hatt grunnleggande kunnskap om amming ville det også avverga mykje. Dette blei veldig langt, men eg ville gjerne komme med ein kommentar til saka over. Og om fleire får vite at det alltid fins hjelp er ingenting bedre enn det.

Ein liten tass

_MG_6398_MG_6842_MG_6882_MG_7005_MG_7104_MG_6678_MG_6669Eg fekk komme heim til denne seks veker gamle tassen for liten sidan. Fint å få dokumentere eit ørlite glimt av livet hans. Det er så spesielt å få ta bilder av nyfødte, då eg sjølv hadde ein nyfødt i hus rakk eg aldri å observere ting utenfrå. Men som fotograf får eg liksom kikke inn i det på nytt, og det er eg så glad for.