De Urolige

_DSF7307_DSF7396_DSF7372I dag fylte Elsa 1,5 år. Eg kom ikkje på det før langt ut på dagen, no biggie. Men eg tok masse fine bilder av ho i lyngen, med munnen full av blåbær og masse små tenner. Denne veka er den siste me har saman før barnehage og eg fyller den med det ho likar best. I dag var det blåbær. Ho stod i to timar og plukka sjølv, rett i munnen såklart. Alle formødrene mine må ha levd av å plukke, kvar gong eg plukkar knitrar det i belønningsystemet i hjerna. Jaja, det er vel 200 000 år gamle nyheiter.I helga var me på hyttetur. Eg såg to elgar på nært hold og leste ut Linn Ullmann "De Urolige". Likte den godt, så fine beskrivelsar om å være fange i sin egen oppvekst, om små ting som å kjøpe dressar til begravelse og spontanabort. Fint om foreldre i all sin menneskelegdom og om å være ein som ser. Storslagent og nært om kvarandre. Glad eg leste den. Hugsar eg var i ein bokhandel for eit par år sidan, der Linn Ullmann signerte akkurat den boka. Egentlig ville eg gå bort, men eg var for flau. Men eg kunne jo berre ha gjort det.

Ciao!

_MG_8676Hei frå ferien! I skrivande stund høyrer eg på det nye Lana Del Rey-albumet og har akkurat sendt avgårde bryllupsbilder. Tidlegare i sommar var eg og den vesle familien min i Italia, tilbake der me var på bryllupsreise for to år sidan. Elsa låg i magen då, uten at me visste det. Det var deilig å være tilbake, denne gongen med det eg ønska meg aller mest då. No har me vore heime i eit par veker og eg er virkelig i feriemodus. Sorry om eg ikkje har svart på e-posten din. Eg har lest ferdig "Et lite liv" av Hanya Yanagihara, den gjorde fysisk vondt å lese og eg angra fleire gongar på at eg hadde begynt på den. Har aldri grete så hardt av ei bok før. Men den var nydelig også. I kveld skal eg lese dei siste sidene i Milan Kundera "Tilværelsens uutholdelige letthet", som eg kjem til å skrive ned eit par favorittsetningar frå. Etter det veit eg ikkje kva eg skal begynne på. Noko lystig kanskje._MG_8636_MG_8640Over til Italia! Me budde på L'albero delle Noci ved Comosjøen. Reis dit, berre gjer det. Bestill rommet med utsikten. Lytt til alle rådene verten Nadia gir deg. Et verdens beste pizza i verdens minst sjarmerande lokale i landsbyen der. Gå tur i fjellet. Voila, verdens beste ferie. Advarsel! Stress med italiensk trafikk. Eg har masse fine bilder derfrå, kanskje eg postar fleire om det blir regnvær ein dag._DSF6473_DSF6933_MG_8710_MG_8738_MG_8740_MG_8534

Pocket og oppdatering

_MG_7615Hei! No er det lenge sidan eg har vore her! Mai har vore full av fotooppdrag, eg har konsentrert meg mest om det og om å nyte favorittmånaden min. Tenk at denne våren er så annleis enn den i fjor. Både i kjensle og i kvardagen. Frå å skubbe ein sovande baby rundt i gater og parkar har eg ei stor jente som klatrar og tullar. Frå å være bekymra over å være borte frå babyen i meir enn to timar, til å nyte alle spennande oppdrag som kjem inn. Eg har skrivebordet vendt ut mot ei stor, grønn hengebjørk. Begge balkongdørene opne når det er varmt. Drømmer om å finne eit par perfekte solbriller på second-hand. I sommar skal me fly til Italia, eg gruar meg til å fly (flyskrekk) men ser fram til å vise Elsa skyene frå andre sida. I går var me på ein visning, i hagen fanst ei uvanlig stor rhododendron. Me såg ho springe rundt i graset, peike på planter og plukke løvetann. Me er livredd for å ta feil valg, no når alt er så fint, kvifor endre noko?I forrige veke fekk eg ei stor kasse med pocketbøker av "Ungdomsskulen"! Eg syns den er kjempefin, er så stolt over å ha fått den på pocket. Håpar den får bli med på mange strender. Ein gong gjekk ein venn av meg forbi nokon som satt på kafé i Lisboa med boka mi. Eg har aldri vært i Lisboa, men det har den.

Nora Eide

_MG_5247_MG_5258_MG_5050I dag skal eg lese på slippfesten for Nora Eide si bok "Familien din". Info her! Tok forfattarportrett av ho i vinter, og eg syns dei vart skikkelig fine. Tenker på Elsa i Frost når eg ser dei.Kanskje me sjåast i kveld?

Maia Kjeldset Siverts

_MG_5298_MG_5335_MG_5467_MG_5588_MG_5586Dei siste vekene har eg tatt forfattarportrett til vårens bøker på forlaget mitt. Eg er heldig som får det, for det er skikkelig kosejobbing. (Og så blir det ikkje kleint å gå på julebord, for då kjenner eg alle frå før, hah!).Her er portrett av Maia Kjeldset Siverts. Det vart som ein snodig heime-hos-reportasje, med rotte, marimba og rav som rekvisittar.

Du dør ikke

_MG_7888I morgon er det sleppfest for den nye boka til Linn Strømsborg. Eg skal lese, Rune F. Hjemås skal lese og Johan Harstad skal lese. Dei samme som leste på slippfesten for den forrige boka til Linn i 2013. Det var første gong eg framførte egen tekst for andre og eg var så nervøs. Eit par timar før festen sprang eg alt eg kunne på tredemølle for å rettferdiggjere den høge pulsen. Heile den vinteren var prega av høg puls, stress og panikkangst(ikkje på grunn av sleppfesten til Linn, hehe). Eg skulle nesten ønske det var denne boka som kom då, så kunne eg delt den høge pulsen med Eva i boka.I går tidleg høyrte eg intervjuet med Linn i Salongen. Det fekk meg i godt humør heile morgonen, med dinosaurmannen og latteren til Linn i øyrene. Det er så fint det Linn seier om at denne boka er til alle som har opplevd angst og til alle som kjem til å oppleve det. Og at Linn skriv på ein måte som får ein til å føle seg mindre åleine.Eg gledar meg sånn til i morgon! Denne gongen er eg ikkje stressa. Og om eg blir det kan eg minne meg sjølv på at eg dør ikkje.