Susan

_MG_7257_MG_7226_MG_7218_MG_7176Mi gode venninne Susan, tre dagar etter 30-årsdagen sin. Dette er året nesten alle eg kjenner fyller tretti. Eg har kjent dei fleste i ti år eller meir. Ingen er den samme som då me møttes. Alle har blitt så spennande og ordentlige. Og samtalane våre har blitt så fine. I starten av tjueårene var eg nok litt distansert, kanskje det var tenårene som spøkte. Eg turte aldri å være direkte, ta opp eit kjipt tema eller sei frå om eg var lei meg. Og det passar nok ikkje meg så godt, eg trives egentlig best uten all ironisk distanse. Susan er ivertfall ein av dei som alltid har vore flink til å stille ganske direkte spørsmål, det syns eg er så befriande. Ein riktig bra samtalepartner.