Studio

_MG_9105_MG_9107Åhhhhhhhhhh, endelig har eg makka meg til å leie meg inn i eit studio, med min egen kontorplass. Endelig! Etter to år som sjølvstendig næringsdrivande, der eg har stått opp om morgonen og satt meg ved skrivebordet i stova, kan eg endelig stå opp om morgonen og berre stikke. Det er det beste eg har gjort på hundre år, får gjort dobbelt så mykje skrive- og redigeringsarbeid på sikkert halvparten av tida. Eg elskar å ha ein liten krok for meg sjølv, at det går litt i dørene, at eg kan prate med nokon i løpet av ein arbeidsdag, at lyset i studio er fantastisk, at eg sikkert aldri kjem til å bruke blitz på grunn av dei svære østvendte vindua. Har tatt masse bilder i dag, skal snart vise.