Spring fort og le masse

IMG_8432IMG_8437IMG_8452IMG_8468IMG_8481IMG_8486IMG_8487IMG_8469IMG_8495IMG_8499IMG_8537Eg tilbrakte nyttår med langbord, amigos og singstarnachspiel. Og eg blei minna på kor mykje eg elskar fyrverkeri samtidig som eg er livredd for det. Mitt nyttårsfortsett er å passe på å få nok dagslys sjølv om det er vinter og jobbe mindre i helgene. Resten er bra som det er! Med alle slankereartiklar på nettaviser og billboards i gatene er det fort gjort å gå inn i det nye året med sjølvpining og dårlig samvittighet. "Om man springer fort och skrattar mycket ser dom inte at man er ful" sa Henriette Steenstrup på radioen her om dagen. Eg hiver meg på den. I fjor trur eg at eg hadde som fortsett å lære pappa å like sushi, det blei ingen suksess. Og for to har sidan hadde Caroline som mål å ete meir sennep i kvardagen, og vise meir kløft. Dei finaste fortsettene eg har høyrt. Kva kan gå galt, liksom?