Sol!

_MG_4825_MG_4828_MG_4835Hei og god helg! Denne veka har eg pakka fram vårsko og leiligheten har bada i sol på ettermiddagen. Eg har også sett to gode dokumentarar:- The White Helmets på Netflix. Den varar kun 40 minuttar, så alle har tid til å sjå den. Den handlar om eit hjelpekorps i Syria som reddar liv kvar einaste dag. Det er ein vond film, men det får me som bur i eit trygt land berre orke å sjå. Jo meir me veit og ser, jo meir kan me hjelpe. Kvar gong ei bombe treff eit sivilt mål rykkar The White Helmets ut for å grave etter levande i ruinane. Ein av dei beste tinga me kan gjere for å hjelpe folk direkte i Syria er å støtte The White Helmets!- Så noko litt meir lettbeint; dokumentaren Venus - nakne bekjennelser på NRK. Ingenting er vel bedre enn ein erotisk, feministisk dokumentar på slutten av veka?