Skrivetips

_MG_9107Ei av mine skrivande venner lurte på om eg hadde litt skrivetips. Og det hadde eg jo! Tenkte eg kunne publisere dei her også i håp om å hjelpe alle dykk som jobbar med tekst. Desse tipsa har eg oppretta sakte men sikkert for meg sjølv, basert på eigne erfaringar og råd frå andre. Eg prøvar virkelig å følge desse reglane, fordi eg syns dei funkar. Innimellom gløymer eg dei litt, og det er sjølvsagt også heilt greit. Mange av dei er ganske enkle og åpenbare, men det er godt å ha dei liggande på dei dagane eg har lyst å gi opp. Her er mine skrivetips:-Om eg står dønn fast i ei setning eller eit avsnitt hoppar eg heller vidare til ein annan plass i teksten, så slepp eg å bruke for mykje tid på å sture. Det funkar alltid bedre å komme tilbake til ting om eg står fast.-Når eg går frå kontoret kan eg skrive ei liten setning, eit stikkord, ein detalj eller noko anna eg kunne tenke meg å skrive om dagen etter. Så er det lettare å ta opp tråden!-Skriv om morgonen. Eg kan berre gløyme å skrive på ettermiddagen. Då er eg sulten og mentalt forsøpla etter å ha vore bak ein skjerm i fleire timar. I verste fall kan eg skrive seint om kvelden, men då må eg ha fullstendig ro.-Tenk på ting i teksten din som du gler deg til å skrive. Skriv dei.-Vær litt var med deg sjølv, skriv i eit rom du syns er positivt å oppholde deg i (eg likar kontoret mitt, 37-bussen, Nationalbiblioteket, Stockfleths i Gamlebyen, Asylet like etter opningstid i vekedagane). Få nok mat, lys, ha rutinar, beveg deg, høyr på bra musikk osv. Eit veldig enkelt råd, men vanskeligast å følge, i skrivande stund er eg kjempesulten og har null konsentrasjon).-Ta litt og litt. Ikkje tenk at "i dag skal eg skrive tusen sider". Del det meir opp, tenk at "i dag skal eg skrive akkurat det avsnittet og det skal bli skikkelig bra". Det hjelp meg å holde konsentrasjonen oppe, og at ikkje alt virkar som ein graut av ting du har gjort og ikkje gjort.-Copy/paste. Eg skriv ofte setningar uten å ha dei i riktig samanheng, så finn eg heller ut av det etterpå. Ofte kan eg la slutten av eit avnsitt heller bli begynnelsen på eit avsnitt, elskar å flytte rundt på setningar.-Aldri, aldri vent på inspirasjon, berre gjer det du skal gjere. Men å oppsøke inspirasjon er fint, om eg våknar opp med tomme tankar kan det hjelpe å lese litt i andre tekstar eller min egen tekst.-Ta back-up på kvar minste setning.-Ha eit roteark i word eller ei fysisk notatbot der du skriv stikkord jevnlig, det er genialt å ta fram når du står fast.-Til sist, dei beste setningane er vanskelige å planlegge på forhånd, dei kjem når eg er godt inni teksten. Og det er det som er gøy.