Skomakarens barn

_MG_5695_MG_5705Når eg ser på foto frå det siste året angrar eg litt på at eg ikkje tok fleire bilder. Sjølv om eg fotograferte magen kvar veke under graviditeten vil eg berre sjå meir! Det samme gjeld Elsa, eg angrar på at eg ikkje filma henne då ho var nyfødt. No har eg begynt å gløyme kor liten kroppen hennar var og kva slags lydar ho laga. Eg har heldigvis litt bilder frå fødselen, hvis ikkje hadde eg sikkert ikkje hugsa så masse som eg gjer. Eg kan nesten ikkje hugse noko frå starten av fødselen, nettop fordi me ikkje rakk å ta bilder då. Kan ikkje hugse at eg kom inn i føderommet, kan ikkje hugse at eg fekk på meg sjukehusskjorta. Berre veit at det må ha hendt. Eg blir livredd for å gløyme.No har eg børsta støvet av jobbkameraet mitt også. Har tatt på meg litt fotooppdrag, og det er godt å vite at det fungerar å være borte eit par timar her og der. I starten tenkte eg at det kom til å bli umulig, no er det berre å tute og kjøre. Deilig.