Skogen

_MG_8028_MG_8020_MG_8033Eg har ein hemmlig plass i Østmarka der eg leitar etter sopp om høsten. Den høsten eg møtte Henrik tok eg han med på sopptur på andre eller tredje date og eg var sjukt nervøs. Hugsar at me hadde avtalt å møtes på Oslo S, at eg såg han frå lang avstand i ankomsthallen og syntes han var så stressande kjekk. Me brukte nesten heile turen på å gå litt kvar for oss og plukke kantarellar og være sjenerte. Herregud. Tenk om me hadde visst då alt me veit no! Men uansett, eg har ikkje funne ein einaste (spiselig)sopp der verken i fjor eller i år, har vore der to gongar i det siste uten å finne ein einaste kantarell. Er eg for tidlig ute? For seint? Skal la det gå litt tid og gå på traktkantarell-jakt om eit par veker.