Skagen

_MG_3169_MG_3129_MG_3139Besøkte Skagen siste dag i ferien. Fin strand, med badeforbud på grunn av dei sterke strømmane. Har ikkje hatt mulighet til å sjå på feriebildene mine før fleire veker etter at eg kom heim, ein ganske god følelse egentlig, litt som før i tida når eg tok masse bilder på film. No gler eg meg til høsten, eg har spart ei ferieveke til oktober, då skal eg til New York! Aldri vore der, men føler nesten eg har vore der via alt eg har sett på film og tv. Tar gjerne imot New York-tips. Og på tampen av sommaren fekk eg eit lese-oppdrag i Berlin, som blir i slutten av november. Litt rart og gøy at eg skal lese på norsk i utlandet. Der har eg heller aldri vore før, så tar gjerne imot Berlin-tips også. Blir litt overvelda av at eg får muligheten til å reise så masse, fram til eg var 18 hadde eg kun besøkt eitt "land" og det var Gran Canaria. Verden forandrar seg.