Sarah+Jørgen

0007
0071
0053
0061
0101
0134
0119
0146
0145
0142
0161
0169
0166
0188
0186
0225
0226
0230
0260
0327
0345
0358
0406
0411
0428
0429
0536
0547
0555
0588
0565
0582
0598
0604
0610
0671
0646
0669
0680
0705
0698
0710
0715

Det vart langt mellom innlegga på dette bryllupsbonanzaet, haha! Men her del 2, til alle dykk som planlegger bryllup til sommaren. Snart er vinteren over, eg har brukt den til å halde pusten. Sjølv om det ikkje er eg som ligg i ei sjukehusseng er det der alle tankane mine har vore. Eg trur og håpar eg kan puste letta ut, begynne å gløyme at livet er uforutsigbart. Kanskje eg også kan bruke neste vinter til å klage på været og kulda. Som eg skal nyte denne våren! Og alle vårar. Men no ser me på Sarah & Jørgen sitt bryllup!Dette bryllupet var ekstremt godt planlagt. Dagen kjentes fri og slentrande, men eg innser at rammene rundt dagen må ha vore nøye gjennomtenkte. Det var litt som å være på ein festival der programmet ikkje var for tett, med masse tid til å henge i sola. På formiddagen møtte eg brudeparet på Bygdøy for å ta bilder av berre dei to. Sarah var SÅ PEN i femtitallskjole frå Etsy.Me stoppa for å kjøpe pølser, Sarah fortalte at ho var ekstremt glad i pølser, noko eg seinare fekk bekrefta. Dei hadde sjølsagt leid sin eigen pølsebod til bryllupet!Så reiste me til Roklubben på Bygdøy. Det er det fint! Eg og Henrik vurderte å bruke det då me gifta oss, men valgte eit der maten var ein del av konseptet. Men roklubben fungerte skikkelig bra. Tips.Eg var kun tilstades den første halvtimen av middagen. Fekk akkurat med meg Sarah sin nydelige tale. Etter dette hadde eg ein 2,5 timar lang pause, sidan brudeparet helst ville ha bilder frå festen. Først gjorde eg denne avtalen sidan eg kjenner Sarah frå før, men dette opplegget fungerte skikkelig bra for meg også. Kunne tenkt meg å gjere det fleire gongar, sjølv om eg er litt usikker på korleis eg skal prise det. Eg må tenke litt. Middagen var ferdig allerede kl. 19:00, det ville kanskje ikkje fungert med ein klassisk middag til langt på kveld. Etter pausen min kom det dobbelt så mange gjester. Dei trudde Sarah og Jørgen hadde gifta seg på tinghuset dagen før, men vigsla var spart som ein overraskelse. Det vart jubel og euforisk stemning, ein viglsar hoppa ut bak hekken og Sarah fekk slør.Så var det fest!Den siste delen av dagen var delt inn i ulike minikonsertar og avslutta med DJ. Ved slutten av kvelden la eg frå meg kameraet, gjekk bananas ved både kakebord, pølsebod og dansegolv. Eit superromantisk og gøyalt bryllup. Eg har sagt dette hundre gongar før, men eg er så svak for brudepar som tør å spørre seg sjølv kva dei har lyst til istadenfor burde. Om ein elskar pølser, musikk og overraskelsar må man såklart få lov å fylle dagen med det.