Samme by

IMG_3092Plutselig bur me i samme by, etter tre år med togreiser og meterlange e-postar. I totusenog elleve skriv eg at eg hatar at me ikkje bur i samme by. Wish you were here. I totusenogtolv skriv eg no er det lenge sidan me har budd i samme by. I totusenogtretten skriv eg at eg skulle ønske me budde i samme by. Snart er det tjuefjorten og du bur på sofaen min, håpar det varar. Men alt er i bevegelse, nokon får ein jobb i eit anna land, nokon flyttar til ein annan del av byen, dei som hadde det dritt i fjor har det bra no og dei som har det dritt no hadde det bra i fjor, ingenting vil være det samme om eit år men håpar me bur i samme by.