Pocket og oppdatering

_MG_7615Hei! No er det lenge sidan eg har vore her! Mai har vore full av fotooppdrag, eg har konsentrert meg mest om det og om å nyte favorittmånaden min. Tenk at denne våren er så annleis enn den i fjor. Både i kjensle og i kvardagen. Frå å skubbe ein sovande baby rundt i gater og parkar har eg ei stor jente som klatrar og tullar. Frå å være bekymra over å være borte frå babyen i meir enn to timar, til å nyte alle spennande oppdrag som kjem inn. Eg har skrivebordet vendt ut mot ei stor, grønn hengebjørk. Begge balkongdørene opne når det er varmt. Drømmer om å finne eit par perfekte solbriller på second-hand. I sommar skal me fly til Italia, eg gruar meg til å fly (flyskrekk) men ser fram til å vise Elsa skyene frå andre sida. I går var me på ein visning, i hagen fanst ei uvanlig stor rhododendron. Me såg ho springe rundt i graset, peike på planter og plukke løvetann. Me er livredd for å ta feil valg, no når alt er så fint, kvifor endre noko?I forrige veke fekk eg ei stor kasse med pocketbøker av "Ungdomsskulen"! Eg syns den er kjempefin, er så stolt over å ha fått den på pocket. Håpar den får bli med på mange strender. Ein gong gjekk ein venn av meg forbi nokon som satt på kafé i Lisboa med boka mi. Eg har aldri vært i Lisboa, men det har den.