Lago di Como

_MG_8509_MG_8528_MG_8400_MG_8537_DSF6652_MG_8520_MG_8512_MG_8516_MG_8415_MG_8422_MG_8497_MG_8302_DSF6932_DSF6922_DSF6920_MG_8568_MG_8730_DSF6844_DSF6629_DSF6508_DSF6942_MG_8770_MG_8825_DSF6788_DSF6687Comosjøen minnar litt om vestlandet. Eg kjenner meg straks heime i landskapet. Omringa av fjell, frodig og grønt. Det veks kløver og groblad, samme som heime. Kaldt og morgonen, før sola vell over fjelltoppane. Ei natt var det tordenvær, men det var den natta eg sov best. På morgonen stod me opp med Elsa, kokte graut på eit lite kjøkken og sprang rundt i hagen til den ordentlege frukosten var klar. Det fanst ingen barnestol der, Elsa fekk sitte på ein antikk stol med silketrekk, eg noia for all yoghurten og brødsmulane som havna på den. Overalt i hagen og huset står små stilleben av gamle møblar, syklar og skrot. På formiddagen sov Elsa i vogna medan me leste bok og drakk kaffi. Så snart ho våkna måtte me ha pizza, fort! Trafikken er så vanskelig, ein dag vart Henrik nesten påkjørt i eit fotgjengarfelt. Eg og Elsa stod like bak og vart så skremt at tårene fossa. På ettermiddagen bada me i badekaret på rommet. Verten vår, Nadia passa babycallen eit par kveldar. Då var me på restauranten nede i gata, som var litt fantastisk. Vanligvis ville eg aldri latt nokon eg ikkje kjente veldig godt passe, men det var annleis med Nadia. Men dei fleste kveldane satt me på balkongen til sola gjekk ned, med pizza og bøker. Det fins ein liten sti like ved huset, der ein kan gå opp i fjella. For to år sidan gjekk me den stien og bada nakne i elva. Denne gongen bada me på dei steinete strendene, eg skulle ønske eg hadde badesko til meg sjølv også. På den aller varmaste dagen fekk Elsa ein stor jordbærsorbet, ho åt heile.