Kavalkaden

IMG_0272I 2013 var eg redd for å ikkje klare å betale studielån og spare på BSU, men eg veit iallefall at BSU ikkje er det samme som USB lenger. Eg var redd for at eg aldri skulle bli ferdig med boka, at eg ikkje var på sporet av noko i det heile tatt. Eg var også redd for å bli tatt av bjørn eller ulv på ein joggetur på Renåfjellet. Alt kan skje. På vinteren skreiv eg på boka, enten i morgenkåpe og tøfler ved det blå skrivebordet, eller på Nasjonalbiblioteket, bakerste rekke. Hvis nokon gjekk forbi bak meg lukka eg word-dokumentet med ein gong. Eg fant på nye karakterar eg ikkje hadde trudd eg skulle finne på. Det er februar. Me går på ein visning til ein leilighet uten å sei det til nokon. Den ligg ved sjøen på Bygdøy, etterpå har me vondt i magen av spenning. Isen ligg over fjorden, eg blir kald på øyrene. Me takkar nei til leiligheten. Eg er innom Flamme-kontoret og plutselig snakkar me om boka som om den er ferdig. Eg trur kanskje den er ferdig. IMG_4957Ein tirsdag, når alle er heime i kollektivet seier eg at me har begynt å sjå på leilighetar. Nokon blir glade, andre blir stille. Eg var litt redd for at det siste skulle skje. Når me takkar ja til leiligheten i Gamlebyen er me glade, men eg må springe ut av leiligheten likevel, ut i snøen, Caroline følger etter og me griner for at det ikkje er oss som skal bu ilag lenger. IMG_0111IMG_0005Han får latterkrampe når me pussar tennene og han lenar seg over vasken for å ikkje søle tannkrem på genseren. Før me legg oss seier eg at eg har vondt i magen, eg våknar om natta av at han legg hånda si på panna mi for å kjenne om eg har feber. Frå senga har eg utsikt mot Ekebergåsen og himmelen. -Det er stjerneklart, seier han. -Men eg har ikkje briller på. IMG_1496IMG_6013Boka blir ferdig! Men når eg hentar den på Flamme blir eg redd, angrar litt, gøymer den under eit teppe i sofaen, ventar med å bla i den til dagen etter. Det blir juli og me spring rundt Sognsvann og badar etterpå nesten kvar dag. IMG_4932IMG_1307Eg sender ein mail til eit kor, spør om eg kan bli få være med. Først må eg komme på prøvesang, akkurat som Idol. Når eg begynnar å synge får eg sjokk av akustikken i den gamle kyrkja. Høyrer ikkje kva som eg meg og kva som er rommet. Men eg får bli med i koret, sjølv om eg ikkje kan noter eller nå dei høgaste tonane. Eg går dit kvar onsdag, gjennom politiparken, og når det begynnar å bli mørkt om kvelden går eg omveien rundt.