K

IMG_2011I vår fekk eg oppleve kreft på nært hold. Det rysta ved noko eksistensielt i meg. Eg har gått rundt heile livet og tenkt at alle mine kjære er trygge. No når eg skriv det innser eg kor naiv og heldig eg er. Å høyre orda eg har kreft frå eit kjært menneske er litt som å bli skutt. Og ikkje så uvanlig. Denne snikande sjukdommen som rammar dei fleste familiar, aldri rettferdig, alltid skremmande. Eg hatar kreft-ordet. Eg ser det for meg som eit grønt, lysande neonskilt i rommet. Det skapar så mykje frykt og dødsangst. Eg hatar kreftceller. Tanken på kor mange menneske som går rundt med kreftceller i kroppen akkurat no uten å vite når dei får behandling. Eg hatar tanken på at folk må vente på hjelp, og på at det fins behandlingar som er dårligare enn andre. Eg hatar å vente på svar. Og eg er takksam for forskning, for kirurgar, for stråling. Til 30-årsdagen min klarte eg med hjelp av venner og familie samle inn snart 15.000 kroner til Kreftforeningen. Det gjer meg så stolt. Eg håpar det gjer at ennå fleire får oppleve å høyre orda eg er frisk no frå sine kjære. Og eg vil minne alle om å sjekke seg.