I want to be with you everywhere

_MG_6072Dette bryllupet MÅ eg vise! Sjå så fine dei er! Dette bryllupet var ekstremt godt planlagt, samtidig som brudeparet var veldig avslappa og hadde masse tid til å berre være forelska. Eg var mektig imponert, då dei bur på kvar sitt kontinent. Kanskje det er trikset? Tips: tilbring året før bryllupet på ulike kontinent, då får du best stemning på bryllupsdagen. Me tok brudebilder tidleg på dagen, før vigsla og hadde ganske god tid å reise mellom ulike loactions. Brudeparet hadde valgt ut fleire plassar som betydde noko for dei til bildene. Med kanelboller i veska gjekk det faktisk heilt fint å farte rundt, minus ei lita tå som fekk gnagsår. Lurar litt på om eg skal begynne å tvinge alle brudepar til å ta bilder før viglse og middag, det er så befriande å ha god tid! Begge hadde brudekjolar frå Gaggu Vintage, i år har nitti prosent av alle brudane mine fått sydd kjole der, eller fått tilpassa kjole der. Virkar som om Hedvig (hjernen bak Gaggu) har dekka eit behov hos norske brudar. Vigsla og festen var på Ingensteds, håpar eg få ta bilder der fleire gongar. Bra lys, fint ute og ingen krise dersom regn. I tillegg hadde dei tilfeldigvis booka koret mitt (verdens beste) Akerselva Kvinnekor til å synge Fleetwood Mac og Donna Lewis. Eg nynna litt bak kamera. Men, over til bildene:_MG_6039_MG_6069_MG_6117_MG_6148_MG_6103_MG_6188_MG_6278_MG_6338_MG_6456_MG_6464_MG_6526_MG_6553_MG_6566_MG_6677_MG_6691_MG_6819_MG_6857_MG_6954_MG_6931_MG_6963_MG_6984_MG_6975_MG_7012_MG_7038_MG_7067_MG_7074_MG_7208_MG_7453_MG_7468_MG_7297_MG_7388_MG_7521_MG_7854_MG_7955_MG_8209_MG_8203_MG_8252_MG_8428_MG_8289_MG_8531_MG_8731_MG_8736_MG_8956_MG_9252_MG_9286_MG_8610