I didn't know the city at all, but I was so happy to be in New York I cried. I was so excited.

_MG_8902Eg var i New York tidlegare i høst, med Mads, Kaja og Henrik. Eg fekk heilt sjokk, byen kjentes så konstant. Uansett kva tid det var på døgnet var det masse folk i gatene, bilar, lydar, duer, alarmar. Eg har gått rundt i fleire år og tenkt på Oslo som ein europeisk storby (haha!), og ikkje skjønt kor stille det er her. Eg kan gå heim om kvelden og være den einaste personen i gata, eg kan stå opp på søndagmorgon, gå ut og være den einaste personen i heile BYEN! Men, her litt av bildene frå turen:_MG_8844Den første dagen gjekk me rett i New York-baret, og endte opp sovande i ein taxi alle fire, lenge før midnatt._MG_8846-2_MG_8827Og me skreik som tullete turistar som me tilfeldigvis gjekk forbi Tom's Restaurant. -Sjååååå!!!! ropte eg. Haha._MG_8959_MG_8871Eg tok så masse bilder av Kaja på denne turen, nokre personar drar kameraet mot seg med å berre slappe av foran det._MG_8879_MG_8895_MG_8917_MG_8920Halvard, som bur der, viste oss ein heilt stille hage på baksida av Cathedral of Saint John the Divine._MG_8927_MG_8921_MG_8929Mads gjorde litt power-posing._MG_8935_MG_8942_MG_8949Eg kjøpte is med olivenolje og havsalt på. Litt rart._MG_8950_MG_8952_MG_8953_MG_8981_MG_9021Eg gjekk dobbel-denim den eine dagen. Er man i USA, så._MG_8986_MG_9052Mads overtalte oss til å ete lunsj på Katz. Det var ganske spesielt, akkurat så spesielt som det ser ut. Loff og kjøtt._MG_9063_MG_9061_MG_9074_MG_9090_MG_9211_MG_9103_MG_9124Den siste dagen møtte eg Benedikte, som tilfeldigvis hadde flytta til New York dagen før. Så rart å finne kvarandre på andre sida av havet._MG_9134_MG_9138_MG_9156_MG_9183_MG_9194Eg likte at det kjentes som om New York er alle sin by, ikkje berre ei smal gruppe menneske, men alle, tilogmed oss. Det var veldig overveldande, eg var heilt utslitt når eg kom heim, berre det å sitte på ein kafé og lese bok var så inntrykksfullt; samtalen på nabobordet, småpraten eg hadde med servitøren, lydar frå gata utenfor. Eg likar åpenheten, at om man vil kan man komme i prat med kven som helst, men samtidig elskar eg roen og rommet eg har rundt meg heime. Den eine dagen prøvde eg å ta det ganske med ro, jogge litt i Central Park, ete lang frukost, lese litt, men endte likevel opp med å rase rundt over heile Manhattan. Det var liksom umulig å ikkje ta del i byen.