H+H

_MG_4250_MG_4294No vil eg vise litt bilder frå mitt bryllup! Alle bildene er tatt av Miriam Brenne Karlsen. Er så fornøgd og takknemlig for alle desse bildene. Me gifta oss 23. mai, som var den finaste vårdagen i år. Heilt sant. På morgonen inviterte me forlovarar på frukost, og så gjorde me oss klare alle saman heime. Eg hadde brudekjole frå H&M Conscious, krølla mitt eige hår og sminka meg sjølv. Har faktisk aldri følt meg så fin som den dagen. Trur ikkje det egentlig hadde så mykje med korleis eg faktisk såg ut, det var berre ein følelse av å være veldig tilfreds. Caroline hadde med ein overraskelse til meg, som var eit diadem eg fekk låne frå Gaggu Vintage. Det var godt å ha ein rolig morgon heime, det fjerna alt av nerver og stress. Og veldig rart å våkne opp, gå på butikken og handle croissantar og kunne sei at i dag skal me gifte oss._MG_4219_MG_4503_1_MG_4342_MG_4426_MG_4434_MG_4477_MG_4665Så kom svigers for å køyre oss til Øverland Gård. Der hadde me både middag, vielse og fest. Det var litt viktig for meg å ha alt på samme plass, litt for å sleppe stress og for å gjere det lettare for gjestene._MG_4763Svigermor hadde laga brudebukett og av liljekonvall, som eg var veldig, veldig glad for._MG_4911_MG_4840Me tok bilder i skogen og i eplehagen til Øverland Gård medan gjestene var i ferd med komme. Har så masse fine bilder frå dette at eg klarar ikkje velge blant dei. Er så glad for at Miriam kunne ta bildene, det var veldig avslappa og ikkje minst gøy. No har me bildene for alltid, og eg hadde aldri klart å hugse følelsen like bra uten desse. Eg er forresten gravid på desse bildene også, sjølv om eg ikkje visste det sjølv ennå. Syns det gjer dei ekstra, ekstra fine._MG_5080_MG_5136_MG_5244_MG_5293_MG_5308_MG_5378_MG_5305_MG_5466_MG_5616Så kom gjestene og det blei snart tid for middag. Me starta middagen halv fire og var ferdig til bords rundt halv sju, med god hjelp frå vår dyktige toastmaster. Me hadde lyst å bli ferdig med middagen så tidlig som mulig. Siden eg har vore fotograf i veldig mange bryllup måtte eg vri og vende litt på tradisjonane for å ikkje føle at eg var på jobb. Derfor hadde me vigsle på kvelden og middag på ettermiddagen. Pluss at festen blei litt lenger slik at me kunne få snakka meir med alle gjestene. Kan absolutt anbefale å snu litt på tradisjonar få å få dagen slik som ein vil. Klart det er lov!_MG_5684_MG_5580_1_MG_5591_MG_6291Me hadde tapas til middag, og partyhatt var dresscode. Og det blei masse, masse grining._MG_5815_2_MG_5870_MG_5989_MG_5944_MG_6239_MG_6275_MG_6079_MG_6108_MG_6146_MG_6148_MG_6248_MG_5730_MG_5857_MG_6324_MG_6277_1_MG_5739_MG_5792No blei det masse bilder her, så eg kan lage eit nytt innlegg seinare med bilder frå vigsla og festen. Om nokon lurar på planlegging og andre bryllupsrelaterte ting er det berre å spørre!Alle foto: Miriam Brenne Karlsen