Heimebryllup

_MG_7413Eg var i eit bryllup nylig som traff meg veldig. Etter å ha fotografert bryllup i mange år har eg egentlig eit slags ønske om å ta bryllupsgreia litt ned på jorda. Merkar veldig godt at det er ein tendens blant mange av fjorårets og årets bookingar. Fleire par giftar seg på tinghuset og brukar budsjettet på ein bedre restaurant etterpå. I fjor tok eg bilder av eit par der kun eg og ein kollega av bruden var i rommet. (Eg fekk tilogmed være brudgomens vitne, eller forlovar som eg valgte å kalle det.) Brudekjolane er mindre brudete, vintage, billegare eller med enklare snitt. I år blir også det mykje tinghus og meir fokus på fest enn middag. Eg har fleire halvdagsbryllup og korte fotograferingar enn eg hadde for fem år sidan. Dette bryllupet starta som dåp for brudeparets sønn og endte med vigsle heime i stova. Enkelt, vakkert og med masse kjensler._MG_7475_MG_7485_MG_7379_MG_7600_MG_7606_MG_7630_MG_7676_MG_7765_MG_7828_MG_7850_MG_7862_MG_7844_MG_7880_MG_7883_MG_7993_MG_8106_MG_8028_MG_8174_MG_8223_MG_8482_MG_8492_MG_8519_MG_8550_MG_8578_MG_8560Eg var der berre i to timar, men syns likevel at eg rakk å fange masse. Fint å gifte seg i sitt eige hus og ha det som eit felles minne med alle sine næraste. Eg trur egentlig ikkje det er så veldig viktig å gifte seg (så lenge ein har papirarbeidet i orden), men eg trur det er viktig å skape felles minner. Om det er å invitere alle ein kjenner på fiskesuppe eller reise langt, langt bort.