Halvveis

_DSF1890No er eg i veke 20, altså halvvegs. Eg er så takksam for kvar einaste veke eg er frisk og kan jobbe, trene, knytte skoa sjølv osv. Eg var litt nervøs for å være sjølvstendig næringsdrivande og gravid, men jo meir eg har lest om det og snakka med NAV, jo bedre kjennes det. Kvinner må jo også få lov til å drive bedrift, sant. Akkurat no føler eg meg nesten bedre som gravid enn ikkje-gravid, så håpar det er ei greie som varar lengst mulig. No fattar eg at det er ein skikkelig baby inni der, spesielt etter å ha sett den romstere rundt på ultralyden. Den begynnar å sparke kvar morgon medan eg et frukost, og gir små tegn i løpet av dagen. Det er sinnsjukt deilig for ein gravid som har tendensar til å tenke alle mulige katastrofetankar. Eg er meir harmonisk enn nokon sinne, men innimellom har eg fått heilt absurde bekymringsanfall. Helsing ein som har ringt giftinformasjonssentralen midt på natta og hulka i telefonen etter å ha vore i nærheten av eit mygglys. Og som fekk Henrik til å ringe Ullevål for å dobbeltsjekke at alt egentlig var heilt bra på ultralyden. Litt guffent og litt spennande å oppleve at hormonane tar over kroppen totalt, eg har ingen kontroll over kontinentet lenger.