Gaggu Vintage

_MG_0009Me hadde det så gøy i studio forrige veke, då eg tok bilder av ein brøkdel av brudekjolane til Hedwig. Hedwig har starta Gaggu Vintage (oppkalt etter oldemor Gaggu), som opnar i Skovveien i Oslo iløpet av vinteren. Det er nesten synd at eg allerede har funne min nyproduserte kjole. Eg hadde kjempelyst å kjøpe ein vintage brudekjole, men turte aldri å kjøpe noko på nett, eg må liksom prøve ting før eg bestemmer meg for å gifte meg i det. Syns det er så fint at det snart fins ein plass i Oslo der man kan få prøvd kjolane først, tenk så mange fleire som tør å gifte seg i gammalt då! Eg blei heilt euforisk då kjolane kom inn i studio, alt frå struttande femtitalls, enkle silkekjolar, vintage Dior, tinghuset på sekstitallet-aktig og hekla blonde frå søttitallet._MG_0119_MG_0002_MG_0071_MG_0829Og eit blurry bilde av gjengen tilslutt! Eg lovar å vise alle kjolane me fotograferte om litt. Miriam frå Pholk var modell, Iselin Herlik Kristiansen gjorde hår og sminke, og PLUKK blomster lagde alle bukettar.