Fetterkos og fotballtårer

_MG_1238Heldige Elsa som har fått så mykje kos frå fetterane sine dei siste vekene. Dei vil heile tida holde, klemme, stryke og susse. Søtt. Når Elsa griner seier fetter 3 år "eg trur ho vil til store-fetteren sin"._MG_1216_MG_2168_MG_2191_MG_2206 Her står Henrik med tårer i augene då fetter 6 år skulle spele sin første fotballcup. Ein får gjenoppleve så mange ting frå eigen barndom via barn. Som ein sånn fotballcup. Alt som skal komme av treningar, cupar med diskotek etterpå, det sosiale spelet og mestringskjensler/mangel på mestringskjensler. Eg blir heilt rar når eg tenker på at om få år har Elsa eit eget lite liv, med venner, matboks og ting ho vil fortelle meg når eg hentar henne i barnehagen.