Fem år

IMG_0143IMG_0202IMG_0464aIMG_0469IMG_0385IMG_0386IMG_0379IMG_0364IMG_0448IMG_0510Kvar gong eg kjem over desse bildene er min første reaksjon at eg burde slette dei. At heile historien vil forsvinne, som når ein slettar eit bilde som ikkje blei så bra. Borte.Eg minnes ting som var fine også. At det var masse folk i gatene dagen etter. At me tilogmed lo på bussen. At eg snakka i telefonen med nesten alle eg var glad i. At me bada på stranda ved Henie Onstad. Det fins eit bilde av det. I bakgrunnen er flagget på halv stang, me har vatn opp til skuldrene og står heilt stille. Eg minnes at me var i eit slags kapell. Det var lyst og åpent, heilt til me talte stolane i rommet. Det var nesten 80 stolar. Og kvalmen kom tilbake, den kvalmen som dukkar opp med jevne mellomrom. Eg sjekkar nyhetene før eg sovnar. Det har hendt noko. Våknar ennå ein gong til tallet av menneske som kan fylle store salar.