Ein familie

_MG_2041_MG_1971_MG_1933_MG_1725_MG_1643Var heime hos denne familien og tok familiebilder for ei stund sidan. Eg tok bilder i bryllupet deira i 2013! Blir alltid glad for kundar som kjem tilbake, no har eg fleire små liv eg får følge med kameraet mitt. I bryllupet deira tok eg nokre av mine favorittbilder frå bryllup nokonsinne, nemlig desse:10670310053_2450ae777a_o10670334763_d55e02beaa_oKlokka er sikkert 05 om morgonen, gjestene har dratt og brudeparet dansar blant tomme flasker og glasskår. Gjestene hadde dansa hull i buksene, det var nattbading og herja brudekjole. Eg var også DJ i det bryllupet (derfor eg hadde muligheten til å dra opp kamera like etter soloppgang.) Kan nevne at eg ikkje er kombinert DJ og fotograf i bryllup lenger, det var då eg ikkje hadde hatt så mange bryllup og sa ja til ALT. No har det blitt så mange bryllup sidan at eg må inkludere eit snev av HMS i kvardagen. Men for desse bildene var det verdt det.