Ei uværshistorie om amming

I går leste eg den fine saka til Sigrid om amming. Den fekk tårene til å renne heilt ukontrollert, sjølv om eg var midt i morgonrushet. For meg vart møtet med amming ei perfekt storm. Den første natta med Elsa måtte Henrik reise heim frå sjukehuset. Me låg på eit tomannsrom med ein annan mamma og ein baby. Eg var livredd for å vekke dei, Elsa var lys våken og klar for denne verda. Ho ville amme heile tida, eg hadde ikkje sove på 48 timar og amma så godt eg kunne. Denne natta fekk eg vonde sår på begge brystvorter, som var starten på smertehelvetet som skulle komme.Morgonen etter kom jordmora som skulle lære meg å amme. Ho brukte ca. tre minuttar på å lære meg kva eg gjorde feil. Eg følte meg dum som hadde amma feil heile natta og fått desse vonde såra.Heime frå sjukehuset blei såra verre og verre. Eg gjekk til helsestasjonen for å få hjelp, dei sa alt såg bra ut med teknikken. Kvar gong eg la Elsa til brystet kjentes dei som om eg fekk tusen små papirkutt på brystvortene. Eg skjønte at noko ikkje stemte, og kjente meg ganske sikker på at eg hadde fått soppinfeksjon i såra. Då eg ringte til helsestasjonen igjen gav dei meg eit kjerringråd.Då Elsa var tre veker var såra ennå ikkje grodd. Eg var utslitt over å ha smerter kvar einaste dag, når eg egentlig berre ville kose meg med babyen min. Det er ein heilt spesiell form for tortur når babyen din som du elskar indirekte gir deg uuthaldelige smerter kvar gong den er sulten.Så kom feberen. Eg mistenkte brystbetennelse, og pumpa ut melk annakvar time, heile natta. På morgonen besvimte eg av utmattelse ved kjøkkenbordet. På legevakta sjekka dei meg for slag, epilepsi og blodtrykk. Dei sa eg sannsynligvis hadde influensa, og dette svaret tok eg for gitt. Feberen steig, eg hugsar berre små glimt frå dei dagane. Etter fire dagar med feber blei eg henta i ambulanse. På sjukehuset sjekka dei meg for alt mulig. Eg spurte legen om ho trudde det kunne være brystbetennelse. - Isåfall er ikkje det noko me behandlar no, sa ho. Eg har tenkt mykje på det svaret i ettertid og lurt litt på kva som egentlig skjedde.Eg hadde ingen av dei typiske tegna på brystbetennelse. Blodprøvane var fine. Det var kun feberen. Heilt til morgonen etter eg hadde vore på sjukehuset. Då våkna eg med rødt, hardt og verkande bryst. Me reiste rett til legevakta, igjen. Dei ville ikkje gi meg antibiotika, noko eg fullt ut støttar, men i mitt tilfelle var det dessverre feil. Dei gav meg nasesprayen Syntocinon og ba meg pumpe ut melk kvar time i eitt døgn. Slik holdt eg på i to dagar. Feberen herja, og eg fekk aldri sove. Henrik var fortvila, og ringte desperat til helsestasjonen. På dette tidspunktet hadde eg liksom gitt opp. Eg var berre ein kropp med feber. Helsestajonen ba meg om å komme, men eg orka ikkje å bli avvist av helsepersonell ein gong til. Henrik fekk tilslutt pakka meg og Elsa inn i bilen. Eg klarte såvidt å sitte oppreist på ein stol, armane mine var for svake til å halde Elsa. På helsestasjonen skjedde det som redda heile barseltida vår. Me fekk hjelp. Me blei sett av ei helsesøster som sa: No skal dykk få hjelp, heilt til vegs ende. No skal dykk få oppfølging heilt til alt blir bra.Den setninga var så god å høyre. Det var det finaste nokon hadde sagt til meg, og den var heilt sann. Helsesøster tok ein melkeprøve av melka mi og fekk bekrefta at eg hadde ein bakteriell infeksjon. Betennelsen hadde vore så innkapsla at den ikkje hadde slått ut på dei første blodprøvane. Ein slik brystbetennelse må ha antibiotika, noko eg fekk på dagen. I ettertid har eg fått vite at dei var redd for at eg var i ferd med å få blodforgiftning eller abscess. Heldigvis forsvann feberen samme natt.Såra grodde, soppinfeksjonen fekk behandling og brystbetennelsen kom aldri tilbake. Etter ti veker var eg heilt kvitt alle komplikasjonar. Me fekk gå i samtaleterapi hos helsestasjonen for å snakke om det me hadde vore gjennom. Eg var ganske lei meg for å ha mista mykje av den første tida med Elsa. Samtidig var eg så takknemlig over å få kvardagen tilbake og å berre få være mamma. Elsa var så fin, og hadde fulgt med i vogna si til både legevakt og sjukehus utan å kreve noko som helst. Amminga har gått kjempefint sidan, og permisjonstida mi endte med å bli heilt fantastisk.Eg har tenkt ein del på om dette kunne vore unngått om eg hadde fått hjelp til amming samme dag som eg fødte. Om helsepersonell eg møtte i ettertid hadde hatt grunnleggande kunnskap om amming ville det også avverga mykje. Dette blei veldig langt, men eg ville gjerne komme med ein kommentar til saka over. Og om fleire får vite at det alltid fins hjelp er ingenting bedre enn det.