Bryllup, spontanabort og graviditet

_MG_7416Denne graviditeten kom som ein veldig stor overraskelse på meg. Det tok fleire veker før eg skjønte at det var sant. For eg hadde akkurat hatt ein spontanabort, og tenkte at sjangsen for å bli gravid så fort var lik null. Me hadde blitt gravide på første forsøk, kva var sjangsen for å klare det på andre? Eg tenkte at kroppen ville spøke med meg igjen, at den var korrupt. I dagane etter aborten var eg heilt ute, det einaste som fekk meg til å stoppe å grine var å ligge på sofaen og sjå sesong etter sesong med Ru Pauls Dragrace. Eg skulle gifte meg om tre veker og var livredd for å aldri bli glad igjen. Skjønte kor viktig dette var for meg. Eg ville ikkje høyre nokon sei at det sikkert kom til å bra, eg ville være lei meg så lenge eg måtte. Og snakke om det, kunne sei kor jævlig det var. På eit merkelig vis gjorde det bryllupet vårt ekstra fint, det var godt å vite at me søker kvarandre når ting er vondt, og ekstra godt å kjenne at me faktisk kunne kjenne glede att. Me reiste på bryllupsreise, drakk vin og var lykkelige fordi ting allereie var lysare. Så glad eg hadde blitt for å vite at eg allereie hadde eit nytt frø i magen! Det som i dag er ein nesten ferdig baby. Eg har ikkje tatt noko for gitt i dette svangerskapet, har berre vore takknemlig for kvar veke som går.Etter spontanaborten merka eg kor vanskelig det var å snakke om det. Eg merka at det var vanskelig for andre å vite kva dei skulle spørre om, dei fleste turte ikkje spørre i det heile tatt. Berre ordet spontanabort var noko folk ikkje turte å nevne høgt, det var meir "korleis går det etter det som skjedde". Eg var så takknemlig for dei få historiane eg fant om temaet (takk Beyoncé og Emma Sundh!), det hjalp masse. Derfor har eg ein kronikk ute på NRK Ytring i dag, i håp om å åpne ennå meir opp. Les her.