Brudekjole, ballkjole, underbukse, naken.

_MG_3188_MG_3179Eg er jo på brudekjolejakt, og det er eit merkelig univers å dykke inn i. Eg, Caroline og Karina var på UFF ein dag og prøvde vintage brudekjolar, der har dei nettop tatt inn ein del. Ingenting som funka for meg, det blei litt mykje puffarmar og rare slep. Men det var veldig gøy, og me fekk blod på tann og begav oss vidare til ein klassisk brudesalong og massive tyllskjørt og tubetoppar. Eg har aldri skjønt greia med lange slep og vonde korsett, men man veit jo aldri før man har prøvd. Heile greia med brudekjolar virkar litt absurd for meg, liksom betale 15 000 kroner for ein polyesterkjole med strass man nesten ikkje kan bevege seg i og som man føler man burde gå ned 5 kilo for å passe inn i. Eg forstår det ikkje. Men, det var gøy å prøve, eg følte meg ivertfall som ei prinsesse i kjolen eg prøvde, men eg følte meg ikkje som meg sjølv i det heile tatt. Eg følte ikkje at eg kunne bevege meg normalt, at eg skulle orke å tilbringe ein heil dag i eit lass av tyll. Eg får jakte vidare etter noko eg kan danse i, sitte i, søle på, samtidig som eg føler meg bra. Så no veit eg, ingen prinsessekjole på meg.Uten navn-1